USN er Noregs einaste fairtrade-universitet

USN-studentar på fairtrade-stand ved campus Bø. Foto
USN-studentar og tilsette på fairtrade-stand ved campus Bø.

USN er dermed ein del av eit stort fellesskap av internasjonale universitet, somt forpliktar seg til å arbeide for menneskerettar, berekraft og kampen mot moderne slaveri og menneskehandel.

USN har valt å bli eit fairtrade-universitet sidan dette er i tråd med universitetets verdiar, strategiar og prioriteringar.

Da USN fekk universitetsstatus, sette ein eit mål om at studentane skal bli samfunnsbevisste medborgarar, og at dei skal oppmodast om å ta eit globalt ansvar. Visjonen er at det skal bli utdanna arbeidskraft i Søraust-Noreg som medverkar til ei betre verd både under og etter utdanninga, uavhengig av studieretninFairtrade University - logog eller fagfelt.

Studentane ein drivkraft

Etter eit sterkt engasjement frå studentar og tilsette vedtok styret på daverande Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) at høgskolen skulle bli fairtrade-høgskole i 2016.

HSN var derimot ikkje først, for tidlegare Høgskolen i Telemark blei Fairtrade-høgskole alt i 2013 og var med det den første høgskolen i Noreg med denne statusen. Fairtradestatusen blei vidareført da HSN blei til USN, og med det var Noregs første fairtrade-universitet eit faktum. Dette er ein status USN deler med mange profilerte universitet internasjonalt.

Kva er fairtrade?

Fairtrade handlar om å sikre ei anstendig løn og betaling for arbeidarar og bønder i utsette område av verda. Sjølv om ein stor del av befolkninga på jorda arbeider med produksjon av råvarer som resten av verda forbrukar og treng, så lever mange av desse arbeidarane framleis i fattigdom.

Fairtrade har som mål at same kor ein bur og jobbar, skal ein kunne kome seg ut av fattigdom og kunne bestemme over eige liv med ei akseptabel inntekt. Ordninga sikrar at dei som jobbar i produksjonen av råvarer får betalt for arbeidet sitt, og at ein riktig del av inntektene frå sal går tilbake til produsentane.

Fairtrade er den mest kjende og anerkjende sertifiseringa og merkeordninga i verda for rettvis handel, og har ei rad tilbod til bønder og arbeidarar som er med i ordninga. Dette involverer tilskot til utdanning, støtte til produksjonen og rådgjeving.

Fairtrade bidrar til å sikre. Foto: Juan Munoz

Store utfordringar

Sjølv om talet fattige på jorda går nedover, er det framleis langt igjen på mange område.

Nokre døme: