USN på PechaKucha-bølgja

 H. Ösp egilsdottir, Karianne Nyheim Stray, Tassy Thompson, Petra Røise, Steven Bos, Kjersti Draugedalen, Birgit Brusletto og Hilde Hovda Midje.Foto
VÅR FØRSTE PECHAKUCHA-GJENG: Frå venstre: H. Ösp egilsdottir, Karianne Nyheim Stray, Tassy Thompson, Petra Røise, Steven Bos, Kjersti Draugedalen, Birgit Brusletto og Hilde Hovda Midje. (FOTO: Ingvild G. Sildnes / USN)

Her finn du PechaKucha-presentasjonane frå Forskingsdagane 2019 på USN.

Under Forskingsdagane 2019 kasta USN seg på PechaKucha-bølgja og heldt to einskilde «Powered by PechaKucha»-arrangement ved universitetsbiblioteka på studiestadane våre i Drammen og i Vestfold.

Forutan god formidling, blei det servert levande musikk og munngodt, og det blei syta for tilbakelent og kaféaktig stemning.

Forskarane som deltok representerer vidt ulike forskingsfelt, som til dømes utdanning, helse og robotikk.

Alle presentasjonane blei filma, og du finn dei i denne spelelista på YouTube:

 

– Vi er veldig nøgde med å være i gang med PechaKucha på USN. Dette ga meirsmak fordi vi lukkast godt med å båe opplyse og underhalde. PechaKucha borgar for sterk og engasjerande forskingsformidling i ein tilbakelent setting der folk med ulik bakgrunn finn saman og trivst. Vi gler oss til å kunne invitere til nye slike arrangement, seier Frode Bakken, prosjektleiar for Forskingsdagane på USN.

Lynpresentasjon

PechaKucha er ein form for «lynpresentasjon» som kom til verda i 2003 som følgje av at ein gruppe designarar og arkitektar hadde gått lei av trøyttande, unødig lange og lite inspirerande presentrasjonar, fulle av keisame modellar og kalkylar.

PechaKucha er japansk og tydar «lyden av folk som snakkar». Det kan også omsettast til «snikk-snakk», sjølv om det kan vere tungt misvisande, da PechaKucha ofte nyttast til å formidle komplekse tema, men gjerne på eit lettfatteleg og engasjerenda vis.

Leis meir om PechaKucha og 20x20-formatet (pechakucha.org)

20x20

I ein PechaKucha-presentasjon må ein avgrensa seg til 20 lysbilete, og lysbileta  avløyser einannan automatisk kvart 20. sekund. Dermed har ein totalt seks minutt og 40 sekund på å kome seg gjennom presentasjonen sin, noko som borgar for raske, poengterte og lettbeinte framsyningar.

Lysbileta som nyttast er fri for kulepunktar, tekst eller modellar. Det er godt rom for humor og retoriske grep som held tilhørarane fengsla.

I dag er PechaKucha eit verdsomspennande fenomen innan eit vell av fagfelt, og har blitt populært, særleg blant unge forskarar.