• Aktuelt
  • Nyhetsarkiv
  • USN styrkar forskings- og utdanningssamarbeidet med det sørlege Afrika

USN styrkar forskings- og utdanningssamarbeidet med det sørlege Afrika

USN var godt representert på SANORD-konferanse i Finland.
USN var godt representert på SANORD-konferanse i Finland.

USN var godt representert på Southern African – Nordic Centre (SANORD)-konferansen i Jyväskylä i Finland.

På SANORD var det samla meir enn 200 deltakarar frå fleire høgare utdanningsinstitusjonar i Norden og det sørlege Afrika. 

- Gjennom føredrag, idéverkstadar og sosiale aktivitetar førte dagane til at USN har reist heim med spanande nye kontaktar og prosjektidear som kan bidra til å fremje strategisk, multilateralt fagleg samarbeid, seier Thomas Slagsvold, som er faggruppeleiar ved seksjon for forsking og innovasjon hos USN.

Krev mykje erfaring

Det var Eva Merethe Solum og Marthe Lyngås Eklund frå institutt for sjukepleievitskap, Runar Gundersen frå institutt for økonomi og IT og Thomas Slagsvold frå forskingsseksjonen som hadde tatt turen til Jyväskylä inst i dei finske skogar for å søkje etter nye spanande samarbeid . Gundersen, Solum og Lyngås Eklund har alle lang fartstid og erfaring frå utveksling og prosjektsamarbeid med land som Madagaskar, Tanzania og Malawi. Desse tre trakk fram at det er veldig gjevande å samarbeide med land i desse regionane. Dei har fått personleg vekst av å jobbe tett på folk og institusjonar med ein heilt annan kultur og ramme for arbeidet sitt. 

- Å bli teke godt imot og openheita gjer det også hyggeleg å bidra inn i samarbeidet, seier Lyngås Eklund.

Solum, Lyngås Eklund og Gundersen peikar likevel på at det krev mykje erfaring og kulturforståing for å byggje opp den tillita som trengst for å lykkast.

- Personleg institusjonelt engasjement og tålmod er også viktige faktorar understrekar Solum.

Kom i kontakt med afrikanske universitet

Turen til Finland var viktig for å leggje til rette for utveksling og prosjektsamarbeid slik at fleire studentar og fagtilsette frå USN kan bidra til utvikling av gjensidig forsking og utdanningssamarbeid med universitet i det sørlege Afrika.  Den vesle, men aktive delegasjonen frå USN kom i kontakt med fleire universitet innanfor helse og utdanning i Etiopia, Zimbabwe og Sør-Afrika som alt hadde lang erfaring i å samarbeide med ulike universitet og høgskular i Norden.

- Ved ein avsluttande kaffikopp i sola ved den flotte innsjøen ved studiestaden i Jyväskylä før avreise, blei det konkludert med at SANORD gjev ein gyllen moglegheit for å knytte kontaktar og styrke synergieffektar på fleire fagområdet, seier Gundersen.

Målet er at USN skal bli meir synlege og ta ei større rolle i slike konferansar.

- Viss me skal samarbeide med dei beste, må vi ut å vise kva me kan. Nettverket er også viktig for USN da SANORD er eit viktig nettverk for å fremje internasjonalt samarbeid ved USN mot land meskal bidra til å hjelpe. Til dømes gjennom Panorama-strategien, avsluttar Slagsvold.

 

Fakta:

The Southern African – Nordic Centre (SANORD)) er ein ideell, medlemsorganisasjon for høgare utdanningsinstitusjonar og forskingsinstitusjonar, som har forplikta seg til å fremje strategisk, multilateralt fagleg samarbeid.

USN har vore medlem av SANORD sidan 2016 og har bilaterale samarbeid innanfor nettverket med mellom anna University of Western Cape og Nelson Mandela University i Sør-Afrika, i tillegg til fleire av dei nordiske medlemsuniversiteta.

Målet er å saman møte nye lokale og globale utfordringar ved hjelp av forskings- og utdanningssamarbeid, innovasjon og utvikling.

Nettverket er bygd på felles grunnleggande verdiar av demokrati, sosial rett og fagleg engasjement, og på dei djupe relasjonar av tillit som er bygd opp gjennom mange år mellom landa i det sørlege Afrika og Norden.

KDs Panoramastrategi set føringar for utvikling av samarbeid med utvalde satsingsland, deriblant Sør-Afrika. Programmet gjev mellom anna UTFORSK moglegheiter for finansiering av utdanningsprosjekt med kopling mot forskingssamarbeid, med søknadsfrister i september for mindre prosjekter og i mai for større prosjekt.