USN vann prisar på Euroweek

Dette er USN-teamet som deltok på Euroweek 2018.
Dette er USN-teamet som deltok på Euroweek 2018.

USN-studentane Gunn Margit Langkaas og Petter Stavnem med akademisk rettleiar frå USN, Nuno Marques, samarbeida med to studentar og deira rettleiarar frå høvesvis Portugal og USA, og vann gjev pris under Euroweek.

Studiestad Bø ved Universitet i Søraust-Noreg har nok ein gong delteke på Euroweek, som i år ble avhalden i Kapfenberg i Austerrike. Euroweek er ein studentkonferanse der studentane skal presentere arbeidet sitt.  I år deltok 17 utdanningsinstitusjonar frå 16 ulike land med i Euroweek.

- Dette er eit arrangement innan Prime Neworking. Utdanningsinstitusjonene som er med er hovedsakleg innanfor fagområda Business Management og ingeniør, seier akademisk rettleiar ved USN, Nuno Marques.

Overraska, audmjuke og stolte

Gunn Margit Langkaas (2. året i Innovasjon og entreprenørskap) og Petter Stavnem (2. året i Internasjonal markedsføring) med akademisk rettleiar fra USN, Nuno Marques, samarbeida med to studentar og deira rettleiarar frå høvesvis Portugal og USA. Prosjektet ber namnet "Tip Toeing – Reducing the healthcare system`s ecological footprint". Denne gruppa vann prisen for beste akademiske rapport i årets Euroweek.

- Rapporten er omfattande. Me er overraska, audmjuke og stolte av å vinne prisen. Dette er fint å vise til på CVen i tillegg til at rapporten mest sannsynleg blir publisert. Me takkar USN og særleg Nuno Marques for bistand i arbeidet med rapporten, seier Petter Stavnem. 

Fleire prisar

Patrick Pedersen og Thomas Nyland (begge på 2. året i Informatikk) med akademisk rettleiar frå USN, Jon Kvisli, samarbeida med to studentar og deira rettleiarar fra høvesvis Belgia og Austerrike. Namnet på dette prosjektet er "E-ducation: digitalize your campus". Denne gruppa vann pris for beste presentasjon i si gruppe. Siri Charlotte Rauan (2. året på Internasjonal marknadsføring) med akademisk rettleiar frå HSN, Helge Kaasin, samarbeida med to studentar og deira rettleiarar frå høvesvis Belgia og Sverige.Prosjektet deira heiter "Employee branding and the future of world – Learning for a change world".

Euroweek 2018:

- Årets tema for studentkonferansen var Business Digitalization, som omfattar tydinga av digitalisering i dei fleste sektorar i næringslivet.

- Studentane har samarbeida i grupper frå ulike land heile semesteret og har levert inn eit akademisk samandrag og ein rapport, som blei presentert og evaluert på Euroweek.

- Det var i år 14 ulike studentprosjekt fordelt i tre ulike grupper med eigne juryar. 

- I år var det med fem studentar og tre akademikarar og rettleiarar fra USN, Bø. Desse var fordelt på tre ulike prosjekt.