«Úti vill jól drekka» – Juleølets historie i Noreg

Lang tradisjon: I mellomalderen drakk dei av drikkehorn i staden for glas og flaske. Vinen blei aldri den same samfunnsdrikken her til lands. Foto: Colourbox
Lang tradisjon: I mellomalderen drakk dei av drikkehorn i staden for glas og flaske. Vinen blei aldri den same samfunnsdrikken her til lands. Foto: Colourbox

Juleølet kan ein spore heilt tilbake til den hedenske julefeiringa. Da var drikkinga seremoniell. Mest sannsynleg blei det skåla for Tor, Odin, Njord og Frøy.


Denne artikkelen blei fyrst publisert 17. desember 2017.

Fyrsteamanuensis ved institutt for kultur, religion og samfunnsfag, Herleik Baklid, ved Universitetet i Søraust-Noreg vil fram mot jul gje deg eit innblikk i norske juleskikkar. I dag ser han på juleølets historie.

– Juleølet var veldig viktig i den hedenske julefeiringa. Den sikraste kjelda for julefeiring i den førkristne tida er den norske skalden Torbjørn Hornkloves hyllingsdiktet «Haraldskvedet» frå om lag år 900. «Úti vill jól drekka» står det å lese i sjette vers, seier Baklid.

LES OGSÅ: Fjøsnissen måtte ha graut

Seremoniell drikking

Ein går ut frå at dei drakk skåler til Tor, Odin, Njord og Frøys ære.

– Dette var seremoniell drikking, legg Baklid til.

Ifølge kristenretten i Gulatingsloven som speglar rettsforholda på 1100-talet, var det påbode for kvar husstand å drikke jula inn, men nå drakk ein til Kristus og Marias ære.

– Den katolske kyrkja var strategiske og lot folk få halde på dei gamle skikkane, men med nytt innhald. Difor fekk den kristne julefeiringa så raskt innpass, seier historikaren.

Han fortel at ølet var viktig i rituell samanheng, men også som rusdrikk. Nokon gonger i farefullt store mengder.

– På 1600-talet kan me sjå at drikkinga kunne føre til drap, seier Baklid.

Reglane sa at ein ikkje skulle drikke seg full på høgtidsdagane, men etter andre juledag var det fritt fram og feiringa kunne vare heilt til 13. eller 20. dag jul. Da sopa folk jula ut.

LES OGSÅ: Lucia og Lussi: Ei god og ei ond

Samfunnsdrikken

– Juleølet har vore drikka for alle samfunnslag. Ein samfunnsdrikk, seier Baklid.

Juleølet skulle bryggast av malt. Aller helst av bygg. Kornet lot dei ligge i bløt, så tørke og spire. Det var vanleg å bruke det beste kornet ein hadde til dette.

– Å lage malt var mannsarbeid medan kvinnene ofte tok seg av brygginga, forklarer Baklid.

Det var vanleg å tilsetje ølet humle for smak, og briskelåg for farge og styrke.

Humle: Humla blei brukt for å setje smak til ølet. I ein tradisjon frå Rollag sa dei at den slemme sat ved sidan av og brygga sitt øl på vatnet som forsvann frå brygginga til den verkelege brygginga. Det blei alltid mindre øl enn mengde vatn ein bruka. Mykje av vatnet lå nok att i malten og humla. Foto: Colourbox

– Det var viktig å ikkje brygge på solsnu. Da ville ikkje ølet renne eller så blei det surt. Viss ein høyrde det knitre og boble i bryggeprosessen var det stor stas. Dette var eit teikn på at det ville bli slagsmål under drikkinga og dette såg folk på som god underhalding, seier Baklid.

LES OGSÅ: Fekk varsel om fiske, kjærleik og død i jula

Skokdrikkelag

– 21. desember ble i tradisjonen kalt Tomas bryggjar. Da skulle ølet smakast på. Kvalitetsprøva blei kalla skokdrikkelag. Det var om å gjere å ha sterkt øl. Da kunne det bli sagt: «Det var nok langt til vatnet da dette ølet blei brygga» eller «det spenner dette». Ølet skulle vera så sterkt at når den tredje smakte, så skulle den fyrste vera i gang med å kvede alt, seier historikaren.

Øl var noko alle skulle ha til jul og du finn den førkristne skikken med juleøl att i dag.

Baklid har ved dette temaet brukt kjeldene Olav Bø si bok «Vår norske jul», Ørnulf Hodne si bok «Jul i Norge» og Brynjulf Alver si bok «Dag og merke».