Veving på timeplanen igjen

ULIKE STILAR: Notodden-studentar har vove eigne skjerf. Handarbeidet var populært blant studentane. - Vevinga var morosam, så morosam at eg faktisk har gått til innkjøp av fleire grindvevar, seier Notodden- student.
ULIKE STILAR: Notodden-studentar har vove eigne skjerf. Handarbeidet var populært blant studentane. - Vevinga var morosam, så morosam at eg faktisk har gått til innkjøp av fleire grindvevar, seier Notodden- student.

Etter nokre år der dei fleste vevar har stått ubrukte, er veving blitt populært att. Også på studiestad Notodden.

Studentane på Tekstil 1 og 2 ved USN starta dette studieåret med veving i emnet trådteknikkar. Ei av oppgåvene var å veve skjerf på grind med tittelen: «Eit langt, eit kort, eit smalt, eit breitt»

- Å planleggje eit arbeid i vev er ofte meir tidkrevjande enn sjølve vevinga. Studentane laga skisser, og designutkast i form av vikle- og stoppeprøvar, seier universitetslektor Astrid Hus ved Institutt for estetiske fag på studiestad Notodden

Student kjøpte fleire grindevevar

Ein av studentane seier i den skriftlege rapporten sin: «Gjennom denne prosessen har eg fått ny respekt for vevde tekstilar, og tekstilar generelt. Eg ser nå arbeidet som ligg i alle typer tekstilar og det er forfriskande å sjå alle moglegheitane ein vevd tekstil gjev». Andre seier: «Det er veldig viktig at me har fått lære korleis denne handverksteknikken fungerer, i eit håp om at me kan føre denne tradisjonen vidare» og «Vevinga var morosam, så morosam at eg faktisk har gått til innkjøp av fleire grindvevar»

Studentane valde ulike teknikkar

Til forarbeidet hadde studentane tilgang på ulike garntypar, slik at dei kunne gjere utprøving før dei gjekk til innkjøp av garn til eige produkt. Nokre av studentane valde å arbeide med farger i stripemønster, medan andre arbeidde med ruter og fargeeffekt.

- Arbeid med vikle-  og stoppeprøver gjev kunnskap om rennings- og innslagstettleik, og om korleis ein får fram rutemønster i ein vev. Det gjev også eit realistisk inntrykk av materialkvaliteten, seier universitetslektoren.

Personleg smak og stil

Med dagens gode og varierte utval av garntypar i mange ulike farger, er det lett å få eit skjerf som høver til personleg smak og stil. Nokre av studentane valde lode, mjukt garn som ikkje kravde noko etterarbeid.  

- Ein kan også endre materialkvalitet og skape eit mjukt skjerf ved å vaske og børste skjerfet etter det er vevd ferdig. Å veve på grind er ein enkel teknikk, men gjev også moglegheit for meir avansert arbeid når det gjeld farge- og materialkombinasjonar, forklarar Hus.    

Studentane kjøpte garn i den lokale garnbutikken, der dei også fekk gode råd undervegs. Skjerfa stod utstilt i butikken ein periode, før dei nå kan varme studentar på kalde vinterdagar.