Vikingvesker og bunadsplast

Foto av studenter på utstilling.

Alt kan hende når folkekunststudentar spleisast med designstudentar. Resultatet kan du oppleve i utstillinga «Future Traditions» på Telemark Kunstsenter.


Tekst og foto: Knut J. Meland

Det var rett før besøkstalet gjekk ut over branntryggleiken då Telemark Kunstsenter holdt vernissasje for utstillinga Future Traditions 28. oktober.

Dei mange besøkande fekk sjå utfalla av eit nærare to år langt samarbeidsprosjekt mellom HSN og kunsthøgskulen i Budapest, der folkekunststudentar frå Rauland har spela på lag med ungarske designstudentar for å syne korleis folkekunst kan nyttast i moderne design.

Utstillinga står til og med 6. november.

Biletgalleri: sjølve arbeidane (Flickr) + vernissasjen (Flickr)


Utstillinga vart også ført opp i Ungarn i haust under Budapest Design Week.

Elleve studentar frå campus Rauland og ti frå Budapest har vore med. Prosjektet er finansiert av EEA-midlar og har fått nærare to millionar kroner i støtte.

Søljer i plastikk

Blant studentane frå Rauland finn me Kristin Dalen, som har laga ein kolleksjon med plastsøljer inspirert av dei norske sølvsøljene me kjenner frå bunader. Funksjonen, og stort sett forma på dei gamle søljene, er bevart, for at dei skal minne om dei tradisjonelle smykka.Folkekunststudent Kristin Dalen tok i bruk plast og 3D-printing for å fornye tradisjonelt bunadstilbehør.  foto

– Tradisjonar handlar om identitet. Gjennom å arbeide med tradisjonar på nye måtar, kan dei haldast i live og opne augene våre for å sjå tradisjonar i eit nytt ljos, fortel Dalen.

Ved å bruke plast i kombinasjon med moderne teknologi, som 3D-skrivar og laserkuttar, er tanken at søljene vert rimelegare i pris og då kan brukast i mange høve og på mange typar klede, ikkje berre til festplagg.

Masterstudent Oleksandra Myronenko få Rauland ynskte å vise korleis tradisjonar frå fortida kan influere designarar i dag, og korleis desse uttrykka kan få nytt liv gjennom ein designprosess. Ho let seg inspirere av design frå vikingtida og brukte strukturar herifrå i kombinasjon med ulike materiale og teknikkar:

– Vikingtidas ornamenter består ofte av kompliserte, slyngande og samanvevde linjer og figurar. Eg isolerte enkeltornament – tok dei ut av si heilheit – og sette dei inn i nye kontekstar, forklarar Myronenko, som laga ein kolleksjon av blant anna vesker i skinn.

Redisigna viking-ornament . Foto
Avdekker samanhengar

– Studentane har avdekt samanhengar mellom tradisjon og moderne design, samt undersøkt korleis tradisjonelle ornament kan overførast til formkulturen vi har i dag, fortel leiar ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved HSN, Bodil Akselvoll.

Akselvoll har leia prosjektet i lag med instituttleiar Hedvig Harmati ved Moholy-Nagy University of Art and Design (MOME). «Future Traditions» er kulminasjonen av eit over ti år langt samarbeid mellom dei to institusjonane:

– Me kjenner, stoler og har ei djup respekt for kvarandre, og me har same, høge profesjonelle standard. Det har gjort det mogleg å etablere og fullføre dette omfattande prosjektet, som har tilført studentane ein unik dimensjon i deira studiar, seier Harmati.

Dei ynskjer båe at det gode samarbeidet mellom institusjonane vert vidareført, gjerne i ei ny form, til dømes på doktorgradsnivå.

Hedvig Harmati, Bodil Akselvoll og Ida Bringedal. Foto
Kryssingspunkt

Dette er fyrste gong Telemark Kunstsenter opererer i kryssingspunktet mellom kunst og forsking, men samarbeidet med høgskulen appellerer til gjentaking:

– Det har vore ei ny røynsle for oss å stå midt i eit forskingsfelt. Her får språket ein anna syntaks enn kva me er vande med, og samtalane og ideane utstillinga har bore fram er nye og interessante.  Me er nøgde med at huset gjennom dette samarbeidet har vorte forandra og dermed står fram som enno meir levande enn før, seier Ida Bringedal, som er dagleg leiar ved Telemark Kunstsenter.

Ho hylla studentane i sin tale under opninga av utstillinga:

– De er modige og intelligente og lykkast med å lage nye plattformer i ei kaotisk verd. Det krev styrke å reversere persepsjonen frå det utgangspunktet ein har. De har vist vilje til å forstå, ikkje berre kvarandre og dykkar ulike kulturar, men også dykk sjølve, sa Bringedal.

 

 

Utstilling: Future Traditions

«Future Traditions» er ei kunstutstilling som viser resultata av eit ettårig samarbeid mellom Moholy-Nagy University of Arts and Design Budapest (MOME), Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, Høgskolen i Sørøst-Norge, Rauland og Telemark kunstsenter.

Tradisjonelt handverk og folkekunst frå Ungarn og Norge har vore utgangspunktet for å skapa nye uttrykk og nye gjenstandar. Utøvarane har tolka tradisjonen utfra sine personlege erfaringar og preferansar, nokjo som har resultert i ein stor bredde og variasjon i arbeida: frå kolleksjoner i tre, metall og tekstil til større, individuelle arbeid.

Konseptet «Future Traditions» omfatter fortid, notid og framtid. I tillegg til tradisjonell materialbruk og teknikker har ein difor holdt fokus på korleis ny og moderne teknologi og utradisjonell materialbruk og materialkombinasjonar kan gi nye og spanande uttrykk og løysningar.
 
Prosjektet er finansiert av EEA-midler og har vore under leing av instituttleiar Hedvig Harmati (MOME) og instituttleiar Bodil Akselvoll (HSN).