Virtuelt friluftsliv som eit helsetiltak

Virtuell natur. Illustrasjon
PÅ VR-TUR: – Det treng ikkje vere slik at teknologien fjernar oss frå naturen, seier professor Vianna Calogiuris.

Professor Giovanna Calogiuris deltar på TEDxDrammen med sine perspektiv på korleis virtuell natur kan gje oss betre helse.


Møtet med det norske friluftslivet fekk italienskfødde professor Giovanna Calogiuris til å skifte fokus i forskinga si. 

Giovanna CaligouriSidan har ho mellom anna utforska helseeffekten av fysisk aktivitet i naturen, og leita etter måter naturen kan hjelpe oss til å leve meir aktivt.

Ho har bidrege på over 30 vitskaplege artiklar om tema. Giovanna er òg ein del av det EU-finansierte prosjektet GoGreenRoutes, som konsentrerer seg om naturbaserte løysingar på psykiske og fysiske helseutfordringar for byfolk i heile Europa.

• Les meir om Giovanna og hennar spanande forsking  

Dei siste fire åra har ho konsentrert seg om konseptet «virtuell natur» og utforska i kva grad VR-teknologi kan bli nytta til å fremme god helse gjennom røynsler i virtuell natur.

– Det treng ikkje vere slik at teknologien fjernar oss frå naturen. Den virtuelle naturen bèr òg eit potensial til å yte hjelp til menneske for å koble seg på dei ekte naturrøynslene, seier ho.   

Få med deg Giovanna sitt bidrag på TEDxDrammen som blir kringkasta 25. april: «How can virtual nature be a mean of health promotion?». Arrangementet er digitalt, og du kan tinge gratis billett her.

•  Les meir om Giovanna og dei andre talarane på TEDxDrammen 

LES OGSÅ: Sjå opptaka frå TEDxUSN

LES OGSÅ: Knut Ivar løftes fram av TED

LES OGSÅ: TEDxUSN: Populært bodskap om kasting av klede

LES OGSÅ: TEDxUSN: Økosorg engasjerer breitt


 

TED

TED er ein årleg konferanse i USA, kor gode og anerkjente foredragshaldarar presenterar sine idear, røynsle og forsking om ein rekke aktuelle tema.

TEDx

TEDx er uavhengig arrangerte TED-konferansar.

TEDxDrammen 25/4 2021

TEDxUSN (11/11 2020)