Økosorg engasjerer breitt

Knut Ivar Bjørlykhaug. Foto
NÅR UT: Knut Ivar Bjørlykhaug opplever at bodskapet hans skaper mykje resonnans hos folk. – Vi treng større rom og eit språk for å betre handsame våre kjensler knytta til naturøydeleggelser, seier ph.d.-stipendiaten.

På under tre dagar har over 30.000 sett den kjensleladde TEDx Talk-en til ph.d.-stipendiat Knut Ivar Bjørlykhaug, kor han fortel om raseri og sorg knytta til tap av natur.

Fem USN-forskarar og tre inviterte gjester frå næringslivet sto på «talarlista» da me lagde vårt fyrste TEDx-arrangement nokonsinne 11. november.

LES OGSÅ: Sjå opptaka frå TEDxUSN

TEDxUSN var ein del av det internasjonale initiativet «Countdown», der store aktørar som TED, YouTube, Future Stewards med fleire samarbeider for å la heile verda delta på ein idé-dugnad for å løfte moglege tilnærmingar og løysingar på klima- og naturkrisa.

– Skapar resonnans

Ph.d.-stipendiat Knut Ivar Bjørlykhaug har skapt store overskrifter og engasjement i Norge som medredaktør for boka Det går til helvete. Eller?, kor han og filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen fra UiO sett kjærleik, raseri og økosorg på agendaen.

LES OGSÅ: – Boka vi helst skulle ha sloppe å skrive 

Boka blei bland anna behandla gjennom tre episodar av NRK P2s Verdibørsen (30. mai, 6. juni og 13. juni) – og førte til eit eige arrangement på Litteraturhuset i Oslo, og dei to redaktørane har jamvel fått plass på programmet til neste Folkehelsekonferanse.

No er Bjørlykhaug over på den internasjonale scena: han var nemleg ein av dei som deltok på TEDxUSN med talen «A love story: ecological love and sorrow». Berre tre dagar etter at talen blei lasta opp på TED sin offisielle Youtube-kanal, hadde sjåartala steget over 30.000. 


– Eg må innrømme at eg er overraska, men samstundes svært glad for at det eg har å seie resonnerer i ein slik skala. Det er god motivasjon for det tunge arbeidet vi står i og har framføre oss, og det gjer meg mot å oppleve at folk er rørte av dei same tinga som meg sjølv, seier Bjørlykhaug.

Han legg til at han ikkje trur økosorg er noko nytt, men bemerker at vi no er i ferd med å finne eit språk for denne kompliserte sorga som rammar mange og auker i omfang. Det trur han er viktig i prosessen med å kome vidare og for å løyse problema vi har skapt.

«Propaganda og vrøvl»

Samstundes går det hardt føre seg i kommentarfeltet under videoen. Sjølv om heiaropa overdøyver hatet, er det særleg éin kommentar som har fått Bjørlykhaug til å stoppe opp. Mest for å le.


Frå Youtube-profilen «Finnian MacCool» kjem nemleg fylgjande kraftsalve: «Remember, this is all new world order global socialist Marxist rhetoric, propaganda, and just babble. This man is nothing more than a power hungry radical leftist psychopath that wants to enslave the human race to his bizarre agendas.»

– Ha-ha! Dette er noko det drygaste eg har fått slengt etter meg, men eg vart ikkje råka. Dette finn eg fyrst og fremst morosamt, men samstundes er det urovekkjande at nokon evnar å lese noko slikt ut av ein bodskap som i utgangspunktet er tenkt å forene folk. Det stend fram som eit døme på haldningar som held oss tilbake, og at ein sjølvsagt aldri kan gjere alle til lags, seier Bjørlykhaug.

Bjørlykhaug freista også å gå i dialog med kommentatoren, utan at det vart særleg fruktbart.

Han har også fått mange tilbakemeldingar, òg private e-brev – mellom anna frå India, frå sjåarar som kjenner seg att i det han seier.

– Få flinke folk fram

Initiativtakarane til TEDxUSN, prosjektleiarane Terje Simonsen og Veslemøy Klavenes-Berge, var aldri i tvil om at USN hadde ei rolle å fylle i Countdown:

– Ved å få flinke folk fram i ljoset skaper me entusiasme og optimisme, og for å nå klimamåla treng vi nettopp det, seier Klavenes-Berge.

Målet med TEDxUSN er å nå ut breitt med tilgjengelege og gripande populærvitskaplig formidling.

– Me som jobbar på eit universitet har eit stort ansvar for å formidle løysingar, og løysningar har me mange av! Me veit at USN sit på mykje lokal kunnskap og har mange løysingsforslag som kan bidrege til å snu klimaendring og stoppe naturøydelegging, seier Simonsen.

TED

TED er ein årleg konferanse i USA, kor gode og anerkjente foredragshaldarar presenterar sine idear, røynsle og forsking om ein rekke aktuelle tema.

TEDx

TEDx er uavhengig arrangerte TED-konferansar.

TED Global Countdown

TED Global Countdown er eit nytt konsept frå blant andre TED for å få i gang en global dialog om klimaløysingar frem mot klimatoppmøtet COP26 i Glasgow neste år.