Studentprestane er der for deg når livet blir for stort eller for lite

Bilde av studentprestene Pernille Astrup og Kristian Gotehus Køhn.
ER DER FOR STUDENTANE: – Studentar er i ein fase der dei er fylt av tankar og følelsar, og mange tek store val for livet i tillegg til å ha reist heimanfrå for første gong, seier studentprest Pernille Astrup. Her saman med studentprest Kristian Gotehus Køhn.

Når studentar opplever alt frå eksamensstress til livskriser, står studentprestane Pernille og Kristian klare. Ofte får dei støtte av ein god firbeint hjelpar.

– Nokre har kjærleikssorg, andre er einsame. Nokre kjem fordi dei strauk på eksamen eller har opplevd noko vanskeleg i praksis. Andre er i tvil om studieretninga eller dei har vore i konflikt med nokon, og nokre vil snakke om tro, tilhøyrsel eller legning.

Det fortel Pernille Astrup. Saman med Kristian Gotehus Køhn utgjer ho teamet av studentprestar ved USN. 

I ei tid prega av høgt tempo, ein usikker verdssituasjon, indre og ytre press, framtidsangst og uro, er det godt at studentar og tilsette har nokon å snakke med. Studentprestane møter dei i alle slags livssituasjonar. 

– Vi får ta del i alle dei ulike fortellingane deira. Fortellingar om det som er vondt og vanskeleg, men også om menneske dei er glade i, det dei lengtar etter i livet og det som gir meining i kvardagen. Det er fint når dei slepp maska, tør å vere ærlege og viser sårbarheit, seier Gotehus Køhn.

Når livet blir for stort eller for lite

Studentprest Pernille Astrup sammen med hunden Bambus

– Vi ønsker at det skal vere plass til heile mennesket, og hjelper til med alt frå eksamensstress til livets store spørsmål, seier Astrup.

Studentprestane trekker fram at dei ønsker å skape rom der ein kan ha fokus på å vere meir enn å prestere.

– Vi kan vere ein slags motvekt til – eller eit pusterom frå – det høge tempoet og prestasjonsfokuset som det naturleg nok er på eit universitet, fortel Gotehus Køhn. 

– Studentar er i ein fase der dei er fylt av tankar og følelsar, og mange tek store val for livet i tillegg til å ha reist heimanfrå for første gong.  Det kan vere krevjande. Vi pleier å seie at vi ønsker å vere der når livet blir for stort eller for lite, seier Astrup.

Ein god, firbeint hjelpar

Studentpresthunden Bambus er ein god hjelpar under nokre av samtalene. Når han er med får studentane som møter han for første gong be han sitje og gi han nokre godbitar. 

– Mange synest det er fint å kunne sitje og ta i pelsen hans medan vi pratar, og Bambus er lukkeleg for å få besøk, glippar med auga og tør ikkje leggje seg ned i tilfelle kosen skal ta slutt. Nokre likar å gå tur medan vi pratar, og då kan Bambus vere med, fortel Astrup.

– Ikkje nøl med å ta kontakt

Studentprest-hunden Bambus blir kost medI fjor starta studentprestane opp med samtalegrupper der studentar kjem saman og fortel om livet sitt, og blir betre kjent med seg sjølve og kvarandre. 

– Deltakarane har vore veldig nøgde. Dette er noko vi vil halde fram med, og ønsker å utvide gruppetilbodet i år. I tillegg jobbar vi med stillerom ved USN. Vi håpar å få nokre vakre livssynsopne rom som det går an å trekke seg tilbake til og berre vere i, seier Astrup.

Studentprestane fortel at dei gjerne kjem til grupper av studentar i og utanfor undervisninga for å vere til stades, undervise, snakke om eksistensielle tema, halde kurs i stressmestring eller lage samtalegrupper. 

– Ikkje nøl med å ta kontakt med oss, oppmodar Astrup.

 

Studentprestane

  • Astrup har kontorstad på campus Vestfold, og Gotehus Køhn har kontorstad på campus Bø, men dei er tilgjengelege digitalt og reiser rundt til andre campusar.
  • Studentprestane tek imot alle uavhengig av religiøs tru eller livssyn.
  • Studentprestane har teieplikt og samtalene er gratis.
  • I fjor hadde dei til saman sirka 400 lengre samtaler – digitalt, innandørs og utandørs.
  • Studentprestane har tatt initiativ til og leia samtalegrupper i samarbeid med SSN på campus Rauland og campus Bø. Dette har blitt gjennomført i tre omgangar gjennom 2024 med stor suksess.
  • 2024 blei et år med auka samarbeid med USN sine fagmiljø, SSN sine tilsette og kollegaer nasjonalt.
  • Studentprestane er viktige for det heilskaplege støtteapparatet for studentane og i arbeidet for å betre helse og trivsel. Dei har eit særleg ansvar for å yte støtte når USN set krisestab eller ved dødsfall blant studentar og tilsette.
     

Les meir om Studentprestane og kontakt dei her.