Ta «Sommartoget» til HSN

NRKs Sommertoget. foto

Når NRK-storsatsinga «Sommartoget» susar inn på Bø stasjon 15. august står haustens nye studentar klare til å vise fram studentbygda.

Tekst og foto: Else Børte

Semesteroppstart ved studiestad Bø er lagt til 15. august. Same dag som «Sommartoget» vitjar bygda.

– Dette er eit samarbeid med Bø kommune der Høgskulen i Søraust-Noreg valde å legge studiestarten til denne datoen. Bø er ei studentbygd og det må me vise fram, seier fakultetsdirektør Erik Aarnes.

Liv og røre

Ifølgje NRK skal Sommartoget besøke 40 stasjonar og 17 fylke på åtte veker. For å få plass til alt teknisk utstyr og opp imot 60 medarbeidarar har NRK eit togsett med heile åtte vogner med seg. I Bø blir dei møtt av både studentar og andre innbyggarar.

– Poenget er å skape liv og røre. Etter opninga på høgskulen klokka 12.00 skal studentane bort på Bø stasjon. Dei blir delt opp i grupper og leia av fadrar. Handelstanden står også klare til å presentere seg for studentane på stasjonen. Tidlegare har dette blitt gjort på Bø torg ved studiestart, seier Aarnes.

NRK Telemark skal ha sending frå Bø den ettermiddagen. Reiseradioen det same dagen etter.

3000 studentar

– Dette er ein fin måte å synleggjere at HSN har studiestad i Bø. Bortimot 1000 nye studentar kjem til hausten. 3000 studentar er knytt til Bø. Det sett sitt preg på bygda, seier Aarnes.

I tillegg til høgskulens program har fadderstyret laga eit innhaldsrikt program for opningsveka. Fadderstyret har verva rundt 100 fadrar til å ta seg av nye studentar som kjem i august. Det blir mellom anna idrettsdag med HSN IL og rebusløp i Bø sentrum.

– Det handlar om å bli kjent og skape eit godt sosialt nettverk blant dei nye studentane, seier leiar for fadderstyret ved studiestad Bø, Trym Alsaker.

Kroa stiller med studenthjørne på Bø stasjon når Sommartoget kjem. På kvelden blir det konsert med Pasha på Kroa.

– Resten av veka kan me by på temafest, quiz, togafest og Frøder-konsert. Det kjem andre spanande arrangement også, seier Dita Pruse, som er styreleiar i Kro og kultur.

Sommertoget stopper også på Hønefoss 2. august, Porsgrunn 4. august og Notodden 5. august. Eit studentband frå linja rytmisk musikk og studiearbeid skal spele under sendinga. Sendinga vert knytta til at det er Notodden Bluesfestival.

Omtale av bandet og låta som vert framført (NRK)