Tverrfagleg arbeid med profesjonsfaglege problemstillingar

Tverrfaglig samarbeid i PPU
Tverrfaglig samarbeid i PPU

Bridges fokuserer på tverrfagleg arbeid med profesjonsfaglege problemstillingar i lærarutdanning og skule. Da USN skulle utvikle ny modell for Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) var utfordringa me gav oss sjølv liknande. Korleis skape større samanheng mellom dei ulike emna i programmet og bygge eit stilas for at ideane faktisk også kunne bli gjennomført i praksis. Frå 2018 blei det difor innført fire overordna tema i PPU ved USN, som skulle styrke tverrfagleg arbeid og binde saman pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. Med forskrift og rammeplan for PPU som utgangspunkt, og læreplanar frå grunnskule og vidaregåande opplæring som bakteppe, blei tema og struktur utvikla av tverrfagleg arbeidsgruppe frå tre PPU campus ved USN.

Overordna tema blei: 

 

  1. Læring og undervisning 

  1. Inkludering og likeverd 

  1. Danning og medborgarskap 

  1. Den profesjonelle lærar 

 

Desse temaa blei eksplisitt inkludert i alle fire 7.5 studiepoengsemna i fellesfaget pedagogikk og i alle fagdidaktikkemna. Dette var ikkje nok. Det blei difor innført fire tverrfaglege webinar som skulle ta utgangspunkt i kvar si overskrift. Ideen var at studentar og faglærarar i alle fag, på tvers av alle campus, skulle delta og involvere seg i dette arbeidet. 

 

Webinar april 2020

Skjermdumpt av webinar gjennomført i april 2020

 

Dette er eit konkret døme på korleis ein ved USN har prøvd å få transdisiplinært arbeid inn i studieprogramma. Erfaringar frå ulike webinar vil bli presentert på denne bloggen dei komande månadene.  

Åsmund Aamaas