• Aktuelt»
  • USN tek sikte på ny forskingspark i Midt-Telemark

USN tek sikte på ny forskingspark i Midt-Telemark

SIGNERTE AVTALE: Bent Gurholt og Petter Aasen signerte 30.11 samarbeidsavtale mellom MTNU og USN.
SIGNERTE AVTALE: Bent Gurholt og Petter Aasen signerte 30.11 samarbeidsavtale mellom MTNU og USN.

For å svare opp behova i regionen ser fagmiljøa ved studiestad Bø at næringslivskunnskapen som Midt-Telemark næringsutvikling sit på vil vera nyttig å bygge vidare på.


Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge framtidige generasjonars moglegheit til å dekke sine. FNs berekraftsmål reflekterer dei tre dimensjonane i berekraftig utvikling klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Tverrfagleg samarbeid om å skape, forvalte, og formidle kunnskap og kompetanse om berekraft er grunnleggande. Gjeve dette, må forskingsparken i Midt-Telemark bli eit knutepunkt for ulike sektorar som akademia, næringsliv, offentleg og frivillig sektor. Det vil seie eit quadruple helix-samarbeid som nå blir vektlagt i nasjonale og internasjonale utlysingar om forskings- og utviklingsmidlar.

Det er spanande for USN å samarbeide med regionen Midt-Telemark. Me har ein visjon om å vera regionalt forankra. Me ønsker å vera ein kunnskapsaktør i regionane me er integrert i. Både med offentlege og private verksemder. Partnarskap skal føre til at USN jobbar meir integrert med næringslivet, seier rektor ved USN, Petter Aasen.

Koplingsboks – fagleg og fysisk samhandlingsarena  

Næringar bassert på naturresursar vil vera eit fagleg fundament for forskingspark ved studiestad Bø. Det skal vera ei kopling begge vegar mellom næring og USN, seier Petter Aasen.

Forskingsparken skal vera eit flaggskip for berekraft. Han er ein brubyggar som forankrar og koplar akademia til lokalsamfunnet, lik ein koplingsboks. Dei fasilitetar som utviklast skal vera tilgjengelege for lokalsamfunnet både for prosjektarbeid, forsking og forskingsformidling samt verksemd med betalings- og oppdragsstudiar (EVU). Noko som ville ytterlegare korte avstanden mellom akademia og lokalsamfunnet.

SPENT ORDFØRAR: Borgar Kaasa håpar kunnskaps- og forskingsparken blir ein realitet.

Knutepunkt og fysisk møteplass 

Forskingsparken skal vera eit flaggskip for berekraft. Prinsipp som universell utforming, berekraftig ressursbruk både i utbyggingsfasen og drifta er viktige for USN. 

– Næringar basert på naturresursar vil vera eit fagleg fundament for forskingspark ved studiestad Bø. Det skal vera ei kopling begge vegar mellom næring og USN, seier Petter Aasen.

Forskingsparken skal bli ein brubyggar som forankrar og koplar akademia til lokalsamfunnet. Dei fasilitetar som utviklast skal vera tilgjengelege for lokalsamfunnet både for prosjektarbeid, forsking og forskingsformidling samt EVU-verksemd. I tillegg til at Bø kommune som offentleg sektor flyttar bibliotek sitt dit, kan USN tenke seg at frivillige organisasjonar med fokus på berekraft samt lineforeiningane på studiestad Bø kan ha ein “heim” der. Noko som ville ytterlegare korte avstanden mellom akademia og lokalsamfunnet.

MANGE FRAMMØTTE: Det var mange som ville få med seg signeringa av den viktige avtala. Mellom anna varaordføraren frå Nome, og ordførarane frå Seljord, Bø og Sauherad.

Inkubator og digital verkstad 

Innovasjon og entreprenørskap skal vera sentralt i forskingsparken for å stimulere berekraftig verdiskaping. USN vil vektlegge utforsking og utvikling av berekraftige økonomiske alternativ, som sirkulær- og delingsøkonomi, og økologisk og biologisk økonomi. Særleg fokus skal rettast mot digitalisering for å nå berekraftsmåla. 

For inkubatorverksemda, samt til fordel for Institutt for økonomi og IT (ØIT )sine program i IT, Innovasjon og entreprenørskap, internasjonal marknadsføring og reiseliv og eit engelskspråkleg bachelorprogram i berekraftsøkonomi, burde det tilretteleggast for “FabLab”- og “Makerspace”-konsept. Det vil seie ein open verkstad med digitale verktøy for produktutvikling samt fasilitetar for møteverksemd, seier Helge Kaasin, som er instituttleiar ved USN Handelshøgskolen.

Mange prosjekt med landbruket

- Landbruksnæringa, og spesielt fruktnæringa står sentralt i Midt-Telemark. Den norske marknaden etterspør meir norske landbruksprodukt. For å kunne vera konkurransedyktig må næringa utvikle seg vidare i alle fasar av produktets livssyklus. Som kunnskapsaktør midt i dette smørauget i Midt-Telemark ønsker me å bidra. Spesielt dei seinare åra har det difor vore viktig for både næringa og USN å dra nytte av kvarandre og saman bygge viktig kompetanse for å møte dei utfordringane som næringa, men også samfunnet står ovanfor, seier instituttleiar for natur, helse og miljø Live Semb Vestgarden.

Det er difor allereie etablert eit godt samarbeid mellom USN og fruktnæringa (Telefrukt AS, Telefrukt produsentlag SA, Norsk landbruksrådgivning Østafjells og Midt-Telemark landbrukskontor). Eit felles prosjekt på samanhengen mellom klima, jordkvalitet og fruktkvalitet var startskotet, medan det siste prosjektet som er starta opp går på bruk av fråsortert brukbar plomme som ikkje kan seljast i butikk. Det er elles mange moglege forskingsspørsmål å ta av i dette bildet.

I tida framover vil me mellom anna sjå på moglegheiter for felles prosjekt knytt til produksjonsteknologi frå planting, plantevern til lagring og distribusjon. Her er det nærliggande å kople på GIS-miljøet ved USN og miljø innanfor eige fakultet innan sensorteknologi og autonomi, seier Semb Vestgarden.

I USN sitt samarbeid med Standard Bio er det ulike gjødsel-/jordforbetringsmidlar (slam, vermikompost, biokull) som har vore gjenstand for felles prosjekt. Nå jobbar USN og Standard Bio saman om eit prosjekt som går på å utvikle gjødsel rika opp på biokull til jordbruksføremål. Dette handlar om sirkulærøkonomi. Korleis utnytte ressursane optimalt, slik at mat ikkje går til spille og avfall blir viktig ressurs.

Haustens møte med Sagaplant visar at det er store moglegheiter for å samarbeide om viktige prosjekt knytt til produksjon av fyrsteklasses plantemateriale. Her er både gentekonologiske metodar og utvikling av optimale dyrkingsmedium stikkord noko me ser fram til å jobbe saman om, seier Semb Vestgarden.

KUNNSKAPSNYTTE: Svein Børte, som er dagleg leiar ved Telefrukt, har dei siste åra samarbeida med Institutt for natur, helse og miljø ved studiestad Bø. Han har som mål å at distriktet vårt skal ha landets beste fruktkompetanse. - Med USN på laget, så er me på god veg, seier han.

Langvarig samarbeid

MTNU og USN har gjennom fleire år samarbeida om tettare kopling mellom næringsliv og FOU-aktivitetar ved USN. MTNU si viktigaste oppgåve er å bidra til positiv utvikling av næringslivet med mål om fleire arbeidsplassar i privat næringsliv i regionen. For MTNU er det spesielt viktig å få etablert nye arbeidsplassar med fokus på grøn omstilling. Gjerne basert på sirkulærøkonomi.

Det er spanande å gå inn i samarbeid med USN. Me håpar forskingsparken blir for heile Telemark. Da kan me bli leiande i landet. Det er viktig å får til eit aktivt arbeid med næringsaktørane, seier dagleg leiar i MTNU Bent Gurholt.

MTNU arbeidar for meir samarbeid mellom kunnskapssektoren og næringslivet. Det skal bli stimulert til meir innovasjon i næringslivet. Det er eit stort potensiale i å kople mellom anna landbruksnæringa, foredlingsbedrifter, nye bedrifter som satser på sirkulærøkonomi mot USNs aktivitetar ved studiestad Bø.

Det er også interessant å kople på teknologimiljø frå andre studiestadar ved USN, kor teknologi utvikla for olje og tradisjonell industri kan bli overført og brukt i landbruksproduksjon og foredling. MTNU har i dag eit tett samarbeid med Proventia og Telemark næringshage. Dette er viktige aktørar innanfor næringsutvikling i Telemark, som har samarbeidsavtaler med Siva og Telemark fylkeskommune. 

USN har som mål å auke forskingsaktiviteten sin i fleire sektorar og ser nytte av samarbeidet med MTNU som næringsutviklingsaktør. MTNU har god kunnskap om næringslivet og vil gjennom denne og USN si FOU-kompetanse kunne bidra til ei forsterka kopling mellom aktørane. Kunnskapsparken, med forskingspark, vil med god planlegging av aktivitetar kunne fungere som ein arena for nye idear og produkt som kan styrke eksisterande næringsliv og stimulere til ny aktivitet.

  Eg gler meg til å bidra til vidare utviklingsarbeid med forskingsparken, seier leiar for USN Partnarskap, Duy Tho Do.

 

 

USN sine intensjonsavtaler

USN har inngått samarbeidsavtale med fleire lokale aktørar. MTNU og USN ønsker å fremje potensiale for nærings- og samfunnsnyttig forsking. Tre lokale næringsaktørar har alt signert intensjonsavtaler med USN.

Telefrukt AS

USN har hatt fleirårig samarbeid med Telefrukt, som nå jobbar saman om eit prosjekt for utsorterte plommer og morellar.

Standard Bio AS

Standard Bio har i fleire år hatt utviklingsprosjekt innan biokol og jordforbetring. I dag har Standard Bio og USN eit felles prosjekt om utvikling av biokol basert på gjødselprodukt.

Sagaplant

USN og Sagaplant ønsker mellom anna felles prosjekt for å avdekke uønskte genmutasjonar.

USN partnarskap

USN skal levere kandidatar til arbeidslivet med oppdatert kunnskap og kompetanse. Me skal vidareutvikle og styrke samhandling med næringslivet for å få fram nye arbeidsretta utdanningsprogram og forsking-, utvikling- og innovasjonsaktivitetar (FoUI).

LES MEIR OM PARTNARSKAP HER.