Ideen til Sam Mathias Steyaert omfattar ei ny teknisk løysing for å samle data om økosystem og miljøendringar. Forskarar har laga og testa ein prototype med gode resultat. Dei vil anvende AnSweR i prosjektet Norwegian Beaver Project, og det nyetablerte prosjektet American Mink Project.
- Eg blei veldig glad. Dette opnar opp for å ta forskinga vidare. Nå kan me lære meir om dyr under vatn ved hjelp av drona som flyt på overflata. Det eksisterer alt noko liknande, men det alternativet er altfor dyrt og tungt. Den me skal lage er lettare, mindre og billigare. Difor vil denne få eit større nedslagsfelt, seier Steyaert.
Dronen vil styrke forskingsmiljøa
- Ideen er bygd på eit behov i eit område som er viktig for vinnaren, seier Harald Olderheim, som er forretningsutviklar i Kjeller Innovasjon.
Ideen har kome fram gjennom tverrfagleg samarbeid mellom naturvitaren ved Institutt for Natur, helse og miljø i Bø og ingeniørar ved Institutt for realfag og industrisystemer på Kongsberg.
- Juryen synast ideen er spanende. Den tekniske løysinga har mange bruks- og utviklingsområde, og dekker behov i nye kundesegment. Det antas at 100 000 kroner kan gjere ein stor skilnad for å lage ein betre prototype gjennom det tverrfaglege samarbeidet. AnSweR vil mest antakeleg kunne kommersialiserast og tilføye nye forskingsmoglegheiter som vil styrke forskingsmiljøa, skriv juryen i sin grunngjeving.
Godt døme på tverrfagleg prosjekt
Rektor ved USN Petter Aasen trur den nye idékonkurransen vil stimulere forskingsaktiviteten som har potensiale til å bidra til nyskaping og verdiskaping.
- Me fekk inn 23 idéforslag og fleire av dei har potensiale i seg. Ideen som vann har brukssona nær. Blikket for bruksområdet er der heilt frå prosjektideens unnfanging. Dette er eit godt døme på eit tverrfagleg prosjekt der ein naturforskar har samarbeida med det teknologiske miljøet, seier Aasen.