USN inn i Herøya industripark

AVTALE: Samarbeidet er i gang mellom USN og Herøya industripark. Intensjonsavtala blei signert av prorektor Kristian Bogen (til høgre) og administrerande direktør Sverre Gotaas. (Foto: An-Magritt Larsen)
AVTALE: Samarbeidet er i gang mellom USN og Herøya industripark. Intensjonsavtala blei signert av prorektor Kristian Bogen (til høgre) og administrerande direktør Sverre Gotaas. (Foto: An-Magritt Larsen)

USN har sikra seg eit av landets største industrimiljø som ny samarbeidspartnar. Avtala med Herøya industripark skal mellom anna styrke etter- og vidareutdanning av tilsette


Jakta på nye partnarar i næringslivet fortsett med full styrke for Universitetet i Søraust-Noreg (USN), som har ein ambisjon om å bli landets mest arbeidslivsintegrerte universitet.

Nyaste tilskot i partnarrekka: Herøya industripark AS i Porsgrunn i Telemark.

– USN skal vera internasjonalt konkurransedyktig og tydeleg til stades i regionen gjennom å samarbeide tett med arbeidslivet. Alle gode krefter må stille saman for å lykkast i å finne løysingar på felles samfunnsutfordringar, seier prorektor Kristian Bogen.

Saman med industriparkens administrerande direktør Sverre Gotaas signerte han intensjonsavtala under ei tilstelling i forskingsparken på Herøya 9. november. Ambisjonen er å få på plass ei samarbeidsavtale innan tre månadar.

– For oss er dette ein spanande dag. Føremålet med avtala er å etablere et nærare samarbeid for å styrke aktivitetar i Herøya industripark og Universitetet i Søraust-Noreg innan etter- og vidareutdanning, forsking, innovasjon og anna verksemd, seier Bogen. Vi startar ut mellom anna med ei seminarrekke, legg han til.

LES OGSÅ: USN satser på grønn og autonom teknologi

Enklare tilgang til kunnskap

STORT: Herøya industripark dekker eit areal på 1,5 kvadratkilometer i Porsgrunn kommune og har rundt åtti ulike verksemder. Nå etablerer også USN seg her med eit kontor. (Foto: Tom Riis)

Herøya industripark AS dekker eit areal på 1,5 kvadratkilometer (!) i Porsgrunn kommune, og er ein av Noregs største industriparkar med rundt åtti leigetakarar med til saman rundt 2.500 tilsette.

Administrerande direktør Sverre Gotaas er svært nøgd med at universitetet flyttar inn i parken med skilt og kontor, som vil gjera tilgangen til kunnskapsaktøren enda enklare for tilsette.

Han visar til at tempoet i den teknologiske utviklinga kjem raskare enn før, og at framsteg som automatisering og robotisering vil stille aukande krav til kompetanse.

– Etter- og vidareutdanning av tilsette er heilt naudsynt, men har ikkje vore like enkelt å gjennomføre. Me ønsker å få inn eit opplegg for dette i industriparken. Å ha USN fysisk til stades vil senke terskelen for å ta kontakt og etablere kompetansegjevande undervising, kurs, seminar og idéverkstadar som er skreddarsydd for den enkelte verksemd, seier Gotaas.

Parken blei i si tid etablert av Norsk Hydro som ein produksjonsstad for gjødsel, men er i dag ein open industripark med plass til mange ulike verksemder – frå store industri- og vedlikehaldsbedrifter til mindre gründer- og teknologibedrifter.

LES OGSÅ: Jobbar 50 prosent medan dei fullfører utdanninga

Ingen skal gå ut på dato

USN på si side er det fjerde største av Noregs ti universitet med over 18.000 studentar og rundt 1.600 tilsette spreidd på åtte ulike studiestadar i Telemark, Vestfold og Buskerud. Studietilbodet er breitt på bachelor-, master- og doktogradsnivå, i tillegg til ei rekke etter- og vidareutdanningar.

USN ønsker også å ha ei aktiv rolle som kunnskapsaktør i regjeringas nye kompetansereform i arbeidslivet – «Lære heile livet» – for at ingen skal gå ut på dato.

Målet er at alle skal vera kvalifisert for eit arbeidsliv i endring som følge av digitalisering og ny teknologi. Avtala med Herøya industripark er eit skritt på vegen mot målet.

Gjennom USN partnarskap har universitetet ambisjon om gradvis å auke talet på samarbeidspartarar og styrke samhandling med næringslivet for å få fram nye arbeidsretta utdanningsprogram og forskings-, utviklings- og innovasjonsaktivitetar (FoUI).

–  USN skal utdanne kandidatar med oppdatert kunnskap og kompetanse som arbeidslivet har bruk for. Da må me utvikle en relevant studieportefølje i samspel med marknaden, som vil ha ein meirverdi for alle, seier Bogen.FLEIRE PARTNARAR: Det er ikkje bare USN som er nytt tilskot i Herøya industripark. Sintef er også ny samarbeidspartnar. USNs Kristian Bogen (til venstre), Sintefs Eli Aamot og Herøyas Sverre Gotaas. (Foto: An-Magritt Larsen)