Disputas: Christian Tolstrup Jensen

Christian Tolstrup Jensen ved USNs Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap, Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving, vil forsvare sin avhandling for graden ph.d.: Exploiting the spectacular: A study of Danish and Norwegian event stakeholders’ interest in international sport events 2010-2020.


30 Oct

Praktisk informasjon

  • Dato: 30. oktober 2020
  • Tid: kl. 10.00 - 15.00
  • Sted: Bø, Vinje Auditorium

  • Påmeldingsfrist: 23. oktober 2020
  • Påmelding er obligatorisk dersom du vil delta på campus. 

    Meld deg på arrangementet her.

    Program

    Kl. 10.00: Prøveforelesning: 'Discuss whether the framework for research on international sport events can be used to study cultural events. In the discussion, you are asked to emphasize event policy and event management.'

    Kl. 11.15:  Disputas: Christian Tolstrup Jensen forsvarer sin avhandling 'Exploiting the spectacular: A study of Danish and Norwegian event stakeholders’ interest in international sport events 2010-2020'

    Følg disputasen på Zoom her.

    Bedømmelseskomité:

    • Eleni Theodoraki, Associate Professor, The Business School, Edinburgh Napier University
    • Arve Hjelseth, første amanuensis, Institutt for sosiologi og statsvitenskap, NTNU
    • Pål Augestad, professor, USN (komité koordinator)


    Hovedveileder:

    • Nils Asle Bergsgard, professor, Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving, Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap, USN


    Medveileder:

    • Barrie Houlihan, Emeritus Professor of Sport Policy, School of Sport, Exercise and Health Sciences, Loughborough University


    Avhandlingen kan leses på USN Open Archive.

     

Bilde av Christan Tolstrup JensenOm avhandlingen:

Oslo, København, Bergen, Næstved, Øygaarden osb. I både dei største og dei minste byane er politikarar og idrettsfolk interesserte i å vere vertskap for idrettsarrangement, gjerne dei store og internasjonale.

Arrangementa har etterkvart vorte så vanlege at folk flest kjenner att regla som politikarar og idrettsfolk seier fram før kvart arrangement: Auka turisme, fleire jobbar, høve til å byggje merkevare, «kome på kartet», meir liv og røre, vinningar for folkehelsa m.m.

Forskinga er kritisk. Mange studiar av store arrangement slit med å vise at arrangementa faktisk har dei effektane som folk blir førespegla. Det at det framleis er interesse for slike arrangement synest dermed å vise at effekten av den kritiske forskinga på dei med avgjerdsmynde er like liten som den effekten som arrangementa får på lokalsamfunna. Sjølv om dei ansvarlege i kommunane og idrettsorganisasjonane må kjenne til resultata, held dei fram med å jobbe for å få desse arrangementa heim til byen eller kommunen sin, iallfall fram til koronakrisa kom.

Denne avhandlinga tek sikte på å forklare interessa trass i det forskinga viser. Avhandlinga begynner med ein analyse av argumenta i den kjente regla slik dei kjem fram i media, men i motsetning til det som skjer i media og mellom folk flest stansar ikkje avhandlinga ved regla. Gjennom intervju med idrettsfolk, lokalpolitikarar og kommunalt og statleg tilsette administratorar involverte i fem internasjonale idrettsarrangement, går avhandlinga bakom dei gjengse offentlege grunngjevingane.

Analysen av pressematerialet stadfestar inntrykket av at dei fordelane som regla typisk lovar, faktisk utgjer det viktigaste offentlege argumentasjonsgrunnlaget når politikarar og idrettsfolk skal grunngje arrangementet sitt. Det heng saman med at denne typen argumenta, som lovar fordelar for folkehelsa, merkevarbygging osb., kan målast. Dei framhevar mogelege konkrete, kvantifiserbare utbyte av arrangementet, og konkrete målbare utbyte er jamt effektive innlegg i ein politisk diskusjon.

Likevel kjem interessa for arrangementa ikkje utelukkande frå dei konkrete argumenta. Intervjua viser at interessa i høg grad òg kjem beint fram frå ønsket om å stelle til ein dugande fest, særleg for borgarane i byen.

Avhandlinga viser dessutan korleis interessa, særleg i Danmark, finn støtte i ein velutbygd infrastruktur som står til rådvelde for å trekkje til arrangementa med pengar og råd. Denne infrastrukturen byggjer heller ikkje på dei økonomiske argumenta aleine. Organisasjonane bak bruker i høg grad òg «folkefesten» som eit argument både for å skape oppslutning om eit arrangement lokalt og i globale forsøk på å marknadsføre Danmark ev. Noreg som profesjonelle og pålitelege vertar med sterk folkeleg tilslutning. Eit argument som fungerer bra i ei internasjonal idrettsverd der fleire forbund opplever kriser og kritikk av ymse slag.

Avhandlinga nyanserer dermed det vanlege bildet av eit arrangement som ei «investering». Ho løftar fram ein tydeleg skilnad mellom det som utan vidare skaper interesse for eit arrangement og det som allmenta får servert som argument for at det skal haldast. Vidare gjev ho eit døme på korleis politikarar og representantar for sivilsamfunnet opplever at ein kommersiell diskurs legg føringar for kva som kan få gjennomslag politisk. Denne kommersielle diskursen er problematisk ifølgje fleire av informantane mine. Dei peiker på at han overdøyver det dei helst såg stod i sentrum: den fellesskapen som oppstår når folk går saman om å få til noko stort.