Disputas: Ingunn Skalstad

Ingunn Skalstad holder prøveforelesning og disputas for graden philosophiae doctor (ph.d) ved campus Nododden 6. mai.


06 May

Praktisk informasjon

  • Dato: 6. mai 2021
  • Tid: kl. 10.00 - 14.00
  • Sted: Notodden
  • Delta via Zoom (trykk på lenken som blir aktiv når programmet starter).

    Disputasen foregår fra auditorium S-322 ved campus Notodden.

    Program

    Kl 1000: Prøveforelesning «Undervisning om biologisk mangfold i barnehagen; hva, hvordan og hvorfor».

    Kl 1115:  Disputas. Ingunn Skalstad forsvarer avhandlingen «Naturen som arena for utforsking og læring av naturfaglege tema i barnehagen og i barneskulen».

    Bedømmelseskomité

    • Førsteopponent: Biträdande professor, Susanne Thulin, Fakultet for lærerutdanning, Högskolan Kristianstad, Sverige.
    • Andreopponent: Førsteamanuensis Idar Mestad, Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Høgskulen på Vestlandet.
    • Administrator: Professor Andreas Zedrosser, Institutt for natur-, helse og miljøvern, USN.

    Veiledere

    • Hovedveileder: Professor Berit Bungum, Skolelaboratoriet for matematikk, naturfag og teknologi, NTNU.
    • Biveileder: Førsteamanuensis Eli Munkebye, Institutt for lærerutdanning, NTNU.

     

     

     

     

     

Portrett av Ingunn SKalstadIngunn Skalstad har til forsvar for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Sørøst-Norge, Fakultet for teknologi, naturvitenskap og maritime fag, innlevert avhandling i ph.d.-programmet i økologi med tittelen «Naturen som arena for utforsking og læring av naturfaglege tema i barnehagen og i barneskulen».

Hun disputerer ved campus Notodden 6. mai. Prøveforelesningen «Undervisning om biologisk mangfold i barnehagen; hva, hvordan og hvorfor» starter klokken 1000 og disputas klokken 1115.

Arrangementet foregår fra auditorium S-322 og deltakelse via Zoom (trykk på lenken som blir aktiv når programmet starter).

Om avhandlingen

Når barn i barnehagen og i skulen tek del i aktivitetar ute i naturen, synest dette å stimulere barna si nysgjerrigheit. Naturen er også ein arena det det ligg også godt til rette for at barn kan ta aktivt del i eiga læring m.a. gjennom å ta del i utforskande aktivitetar.

Denne doktoravhandlinga handlar om korleis lærarar i barnehagen og i barneskulen kan legge til rette for at barna utviklar interesse for og kunnskapar om blomar, insekt, kongler og andre naturelement som dei finn ute i naturen.

Analysar av videoopptak av samtalar og aktivitetar som barn (4-8 år) og lærarar tek del i ute i naturen, viser at barna sine førstehandserfaringar og eigne spørsmål står sentralt i kunnskapsbygginga. Det er difor viktig at lærarane legg til rette for at barna får både tid og høve til å ta i bruk sansane og undersøke det dei finn nærmare, og også at dei stimulerer barna til å stille spørsmål. Det viser seg også at barna si interesse utviklar seg gjennom ulike fasar, og at barna treng ulike former for støtte frå læraren gjennom dei ulike fasane.

I avhandlinga kjem det fram at barna si interesseutvikling og kunnskapsbygging er nært knytt saman, og at det difor er viktig å legge til rette for at barna både får førstehandserfaringar med og også faktakunnskapar om det dei finn ute i naturen. Den utforskande samtalen er då eit godt verktøy for å knyte faktakunnskapar til barna sine eigne erfaringar.

Denne avhandlinga bidreg med kunnskapar om korleis lærarar kan kjenne att dei ulike interessefasane og også kva form for støtte barna har behov for i dei ulike fasane. Avhandlinga bidreg også med konkrete didaktiske tilnærmingar til korleis lærarar i barnehagen og i skulen kan legge til rette for at barna kan tileigne seg naturfaglege kunnskapar gjennom ei utforskande tilnærming til læring.

Funna i denne doktorgradsstudien viser at naturen kan vere ein god arena når det gjeld å legge til rette for gode læringssituasjonar med utgangspunkt i barna sine eigne funn, spørsmål og interesse.