Doktorgradsprogram (ph.d.) i kulturstudiar

The places of football in Soweto, South Africa. Photo.
På feltarbeid i Sør-Afrika. Prosjekt-tittel: The places of football in Soweto, South Africa. Foto: Jo Grønlund.

Doktorgraden (philosophiae doctor) i kulturstudiar gir djupare innblikk og større forståing for kultur og kulturomgrepet.

Ph.d.-programmet i kulturstudiar tilbyr emne som gir studentane høve til å utforske ulike dimensjonar i studiet av kultur. Programmet gjer studentane kvalifiserte til å utføre forsking på eit høgt nivå, og førebur dei til å møte eit breitt karriere-spekter innanfor akademia og andre profesjonar.

Det blir viktigare og viktigare å forstå kultur(ar), også som ei linse til å sjå og forstå utfordringar som det menneskelege samfunnet står overfor. Kulturelle skilnadar som følgje av demografiske endringar; problem med økologisk berekraft; ustabilitet i økonomi og i institusjonar; nye sanningsregime innanfor utdanning, velferd og demokrati; og følgjene av digital teknologi og sosiale medium, er berre nokre få døme på korleis kulturstudiar er vevd saman med forståinga av menneskelege samfunn og det som omringar dei. Det er eit hovudfokus for Ph.d.-programmet i Kulturstudiar å gi studenten konseptuelle og metodologiske verktøy for å utforske desse problema.

Basisen for programmet er ei knippe praksisorienterte og tverrfaglege tilnærmingar med røter i kulturanalyse, antropologi, sosiologi, historie, filosofi, lingvistikk samt kunst-/praksis-baserte teoretiske perspektiv. Programmet tar med seg desse tradisjonane, men representerer først og fremst ein unik syntese av ulike intellektuelle straumdrag der det praksisorienterte og tverrdisiplinære utsynet er essensielt. Fagsamansettinga har fem dimensjonar eller perspektiv:

Kultur og meining

Kultur er både eit produkt av meiningsdannande prosessar og eit system av meining som spelar inn på korleis vi oppfattar røynda. Dette krev at vi stiller nokre fundamentale spørsmål: Kva og kor er kultur?

Dersom kultur er ein meir eller mindre felles modell for korleis verda er, korleis oppnår vi denne delte konseptuelle oppfatninga? Korleis blir oppfatninga halden ved like, og oppfatta som «naturleg» av dei som deltek i kulturen? Korleis oppstår kulturen, og korleis blir den endra? Korleis blir ulikskap mellom forskjellige kulturelle modellar for verda skapa, og kva er konsekvensane av slik ulikskap? Kva gjer kultur, og kva for slags effektar kan den føre til? Korleis er symbolske meiningar koda i materielle forhold og sosial praksis? Desse spørsmåla manar til undersøking av dei ulike definisjonane av kultur, både som sosialt, kognitivt, tilpassande og symbolsk system, samt kultur som kommunikativ praksis.

Kultur og makt

Spørsmål knytte til makt vil alltid vere relevante der det er sosialt liv, og derfor er dei også essensielle i kulturteori. Til dømes er maktstrukturar innanfor politikk, makt over kunnskap samt sosiale autoritetar, historisk konstruerte og sosialt overførte innanfor ulike kulturelle kontekstar og gjennom kulturell praksis. Dette høyrer saman med spørsmål om hegemoni og agens: Korleis fører kultur til at haldningar, oppfatningar og konvensjonar blir delte på ein måte som blir tatt for gitt, eller verkar naturleg – og på den måten gjer at vi bli blinde for nokre realitetar, og eventuelle alternativ? Kven har makt og kapasitet til å endre det som verkar å vere naturleg i verda? Kva er rolla til institusjonar når orden, makt og hierarki skal etablerast og bli regulert og legitimert? Desse spørsmåla inkluderer også idear om kultur og makt som karakteriserast som more-than-human eller post-human, samt interaktive mekanikk av nettverk og teknologisystem, materielle faktorar og menneskeleg agens (sjå under).

Eit viktig fokus innanfor maktdimensjonen er den delen av kultur som er institusjonalisert – kunst- og kultursektoren – i eit historisk og komparativt perspektiv, med fokus på innhaldsdimensjonen (policy), den formelle-institusjonelle dimensjonen (polity) og den praktiske dimensjonen (politics); særleg det som verkar på avgjersleprosessar, samt resultat som kjem av å sjå på kultur som eit separat politikkdomene i samfunnet.

Kulturproduksjon

Kulturell produksjon viser til korleis materielle og immaterielle delar av kulturen blir produserte, reproduserte og endra gjennom meiningsfylt menneskeleg interaksjon. Desse aspekta inneheld alt frå idear, konsept, verdssyn og symbolsystem; til handling, praksis og rituell aktivitet; til ekspressive gjenstandar og konkrete objekt. I eit slikt perspektiv vil det «å skape» skilje seg ut som ein sentral aktivitet for menneske som ønsker å meistre og tilpasse seg til omgivnadane. Dette er også ein sosial aktivitet: Når vi skaper – anten det er handverktøy eller gourmetmat – prøver vi å forstå omgivnadane, å forstå andre menneske, og å skape meining saman. Som menneske er vi både skapa av kulturen, samstundes som vi er med på å skape den. Denne breie definisjonen av kulturell produksjon inneber også at kultur ikkje er ein statisk form for kunnskap som blir overført mellom generasjonar. Den er heller utøvd og forstått som ein prosess, der kunnskap og meining konstant blir produsert. Av ei slik forståing følgjer det også eit fokus på at kultur, i tillegg til å vere meiningsfull, også har ein påverknad. Dette fordrar ei interesse for materialitet og materiell, og korleis dei verkar på og i verda.

Kultur og læring

Å lære er ein grunnleggande, tilpassande funksjon som menneske har. Læring kan koplast opp mot eit vidt spekter av teoretiske straumdrag som har med utdanning, enculturation, sosialisering og kulturell endring å gjere. I ein slik brei definisjon av læring, treffer vi fleire andre dimensjonar i studiet av kultur: heller enn å vere avgrensa til midlar for å nå eit mål, blir læring her definert som formative og transformative kulturelle prosessar. Dette perspektivet legg vekt på læringspraksis som konstituerande for vår implisitte, «hands-on»-kunnskap om verda. Sentrale døme på dette kan vere korleis konsept om demokrati, medborgarskap, kulturell identitet, berekraft, verdigheit og likskap, blir forma av korleis vi grip tak i desse spørsmåla – både i formelle læringssituasjonar eller i interaksjonar i kvardagen. Spørsmål om korleis læringsidear og læringspraksis blir forma i ein historisk, komparativ og filosofisk kontekst er også aktuelle, når ein ser på forholdet mellom ulike konsept av kultur og Bildung.

Kultur, materialitet og teknologi

Materialitet i kultur refererer både til det handgripelege rommet av artefaktar og institusjonar som konstituerer vår materielle røyndom, samstundes som det referer til forhandlinga mellom det handgripelege og det uhandgripelege, og mellom den menneskelege og den ikkje-menneskelege agens.

Forholdet mellom teknologi og kultur er ikkje deterministisk, men dialektisk: teknologi (alt frå eit skrujern til ein plattform for sosiale media), praksisar (korleis menneske involverer seg i teknologi) og konsept (korleis folk forstår kva dei gjer, og kva det betyr, inkludert det ekspressive potensialet til teknologien) utgjer ein heilskap på gjensidig vis. Desse ideane heng i hop med ein interesse i studiet av materiell kultur som går forbi deira funksjon, teikn og symbol. Dette har fordra nye spørsmål om korleis ting, objekt og artefaktar er kopla saman med menneske og det som normalt blir skildra som det kulturelle og det sosiale.

Ph.d.-utdanninga er på til saman 180 studiepoeng. Opplæringsdelen med ph.d.-kurs er 30 av desse studiepoenga.

Kva slags jobb får du?

Doktorgradsutdanninga skal kvalifisere for forskingsverksemd på høgt fagleg nivå og for anna arbeid i samfunnet der det blir stilt store krav til vitskapleg innsikt.

Studiestad

Du kan ta doktorgraden ved våre campusar i Bø, Notodden, Drammen, Rauland, Porsgrunn og Vestfold.

Vi ynsker deg velkomen til oss på ph.d.-programmet i kulturstudiar!Norwegian cultural landscape: the city of Drammen

Studiefakta

  • Studiepoeng: 180
  • Varighet: 3 eller 4 år (med arbeidsplikt) heiltid
  • Undervisningsspråk: Bokmål, nynorsk og engelsk
  • Campus: Bø, Drammen, Notodden, Rauland, Porsgrunn og Vestfold

Om programmet

Kontaktinformasjon

Korleis søke om opptak?

Ledige stipendiatstillingar

Nyttige formular og andre opplysingar

For kandidatar som er tatt opp på ph.d.-programmet i kulturstudiar

Regelverk