Forskningsdagene banner

Forskingsdagane på USN

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd. Festivalen blir halden i veke 38 og 39 kvart år, og han er ei fin anledning til å bli kjend med forskinga ved USN.  

Program

Universitetet i Søraust-Noreg står for ein rekke arrangement i Buskerud, Telemark og Vestfold. Festivalklare forskarar børster av seg støvet og reiser ut til gøyale scener og rom for å dele av kunnskapen og innsikta si om alt frå havvind til eldrebølgen. Vi feirer dessutan den internasjonale «forskernatta» (30. april) med ein lett, intellektuell kveld på by’n – «USN: Powered by PechaKucha» (usn.no).

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein årleg, nasjonal forskingsfestival i regi av Noregs forskingsråd (NFR), der målet er å skape begeistring og forståing for forsking blant ålmenta.

keyboard_backspace Den nasjonale Forskingsdagane-sida

Årets tema: «Energi»

Les meir om tema for årets festival (forskningsdagene.no).

Noreg og verda er i ein eskalerande klima- og naturkrise. Me må endra måten me produserer, distribuerer og bruker energi på. I tillegg er Europa ramma av ein forferdeleg krig, der energi blir brukt som våpen. Sikker tilgang til energi har vorte eit stort og viktig tema.

USN har fleire arrangement knytt til energi, men óg arrangement om andre viktige tema.

Samarbeidspartnarar for USN – Forskingsdagane