Kvalitetssyn i folkemusikken og folkebiblioteket

Kva kan plateomslaga og sporlistene på folkemusikkutgjevingar seie om kvalitetssyn i folkemusikkfeltet i dag? Kva slags kvalitetssyn blir spegla i folkebibliotekarar sine bokformidlingar?


26 Sep

Praktisk informasjon

I perioden 2014-2018 gjennomførte Kulturrådet forskingsprosjektet Kunst, kultur og kvalitet.

Mats Johansson, professor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk, USN, og Knut Oterholm, førsteamanuensis ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag, OsloMet, leverte begge bidrag til prosjektet. Johansson (i samarbeid med Ola K. Berge, Telemarksforsking) med utgangspunkt i det norske folkemusikkfeltet, Oterholm med utgangspunkt i norske folkebibliotek.

Under Forskingsdagane kjem dei til Rauland for å samtale om korleis kvalitet blir vurdert og forhandla om på dei to felta og for å sjå etter likskapar. Med utgangspunkt i konkrete eksempel vil dei undersøke korleis praksis både formar og blir forma av ulike kvalitetssyn anten det er folkemusikarens konsertrepertoar, eller kva bøker bibliotekaren formidlar til brukaren og korleis bøkene blir snakka om.

Felles for dei begge er ei forståing av at kvalitet ikkje er eit reint objektivt eller subjektivt fenomen, men noko som blir påverka av kontekst og av pågåande diskusjonar i fellesskapet.

Samtalen blir leia av bibliotekar Kristoffer Berntsen.

Arrangementet er gratis ope for alle.