Fleire arrangement over ei veke, der helseeffekten av skapande arbeid skal visast og bli utforska gjennom:
- utstilling av kunstnarisk utviklingsarbeid med forklarande publikasjon
- foredrag
- workshops for publikum der folk og familiar blir inviterte til samskaping
Dei ulike delane er gratis og opne for alle.
Program
Torsdag 19/9, kl 13.00-15.00
Workshop 1. Teikning som rom, rørsle og spor.
Publikum inviterast til å teikne saman med kunstnarane i papirformat som er større enn ein menneskekropp. I workshopen er det rom for at både gamle og unge kan teikne saman med kunstnarane både inne og utanfor hovudinngangen ved Campus Notodden. Vi teiknar på golv og vegg, vi teiknar i taket og vi beveger oss gjennom romma mens vi teiknar i stort format. Saman utforskar vi kva teikning kan vere og gjere og korleis sambandet mellom kropp, rørsle og spordanning opplevast i kollektive teikneprosessar. Spordanning gjennom teikning er ein måte å tenkje på og å bli medviten mentale prosessar og fleksibiliteten og motstanden til kroppen. Denne workshopen er for alle.
v/Lovise Søyland, Liv Andrea Mosdøl og Jadwiga Blaszczyk-Podowska
Fredag 20/9, kl. 13.00 i utstillingsrom ved hovudinngang
Utstilling av 17 kunstprosjekt
Ved deltakere i forskingsgruppa for kunstnarisk utviklingsarbeid ved USN. Dei har laga ein forklarande katalog om dei ulike prosjekta som du finn i utstillingslokalet.
Lørdag 21/9, kl. 15.00 - 17.00 i Skolandparken, Storgata 63
Workshop 2. Lyd, farge og uttrykk
Workshop i Skolandparken med Susanne Ouff Moen, Line Sanne, Kirstine Riis, Jadwiga Podowska og Tollef Thorsnes. Bli med å:
- skrive håp på elvesteiner og legge dem i elveformasjon,
- styre overvannsveier
- høste frø og plantefiber og
- lage jord.
Måndag 23/9, kl. 13.00-16.00 i Skolandparken, Storgata 63
Foredragsrekke: «Eg skaper derfor er eg». Ei foredragsrekkje relatert til kunst og helse.
v/Kjetil Klette Bøhler, Marte S. Gulliksen og Ingvild Færøy.