Energisti

Forskarar innan natur-, helse- og miljøvern inviterer 7. klassingar i Midt-Telemark til ein lærerik og energifylt dag på USN.


28 Sep

Praktisk informasjon

Elevar lager vasskraftverkPå energistien skal elevane få kunnskap om og interesse for energi, berekraft og miljøvern. 

Elevane går mellom postar der dei lærar om og sjølv lager eller gjer aktivitetar knytt til energi, berekraft eller miljøvern, til dømes:

  • korleis fungerer solceller
  • lage straum frå vasskraftverk
  • lage iskrem ved hjelp av kjemisk energi
  • skyte med potetkanon
  • søppelsortering

Premie til dei beste gruppene.

Det er 14. gongen at USN inviterer elevar til energisti under dei nasjonale forskingsdagane.