Forskarnatt USN – Powered by PechaKucha

Velkommen til ein tilbakelent kveld ute med god og underhaldande formidling av forsking i tråd med 20x20-formatet til PechaKucha. Arrangementet blir også strømmet direkte.


24 Sep

Praktisk informasjon

Sju forskarar, ein student og ein ekstern gjest har lagt seg i selen for å formidle noko av sin klokskap og sitt engasjement. Tema spriker i fleire retninger, slik det skal på ein PechaKucha-kveld.

Arrangementet blir strauma direkte (edu.usn.no)

Du finn meir informasjon om kvar einskild deltakar på arrangementsida vår på Facebook.

Deltakarar:

Lærke Stewart. Foto

Heidi Biseth. Foto

Susanne Moen Ouff. Foto

Tassy Thompson. Foto

Veslemøy Klavenes-Berge. Foto

Line Sanne. Foio

Tollef Thorsnes. Foto

Sara Maaren. Foto

 

Les meir om dei åtte deltakarane her:

 

Arrangementet blir gjort i samarbeid med PechaKucha, og du finn omtala på pechakucha.com.

Lynpresentasjon

PechaKucha er japansk og tydar «lyden av folk som snakkar». Det kan også omsettast til «snikk-snakk», sjølv om det kan vere tungt misvisande, da PechaKucha ofte nyttast til å formidle komplekse tema, men gjerne på eit lettfatteleg og engasjerenda vis.

PechaKucha er ein form for «lynpresentasjon» som kom til verda i 2003 som følgje av at ein gruppe designarar og arkitektar hadde gått lei av trøyttande, unødig lange og lite inspirerande presentrasjonar, fulle av keisame modellar og kalkylar.

Leis meir om PechaKucha og 20x20-formatet (pechakucha.com)

Under årets Forskingsdagane skal ein gruppe av våre forskarar presentere på dette viset som ein del av Forskarnatt / Researchers' Night.

20x20

I ein PechaKucha-presentasjon må ein avgrensa seg til 20 lysbilete, og lysbileta  avløyser einannan automatisk kvart 20. sekund.

Dermed har ein totalt seks minutt og 40 sekund på å kome seg gjennom presentasjonen sin, noko som borgar for raske, poengterte og lettbeinte framsyningar.

Lysbileta som nyttast er fri for kulepunktar, tekst eller modellar. Det er godt rom for humor og retoriske grep som held tilhørarane fengsla.

I dag er PechaKucha eit verdsomspennande fenomen innan eit vell av fagfelt og har blitt populært, særleg blant unge forskarar.

Påmelding

Vil du sikre deg plass så meld deg på her.