Open tilgang til forskingsresultat og forskingsdata frå HSN

Viserektor ved USN Pål Augestad og seniorrådgjevar ved Forskningsrådet Marte Qvenild
Viserektor ved USN Pål Augestad og arbeidsgruppa frå USNs bibliotek fekk skryt av seniorrådgjevar ved Forskningsrådet Marte Qvenild for datahandteringsplanane.

Open tilgang til forskningsdata gjer at fleire forskarar kan nyttiggjere seg av data samla inn av forskarar ved HSN, og knytte dei til data samla inn andre stadar. Torsdag blei USN Research Data Archive lansert på studiestad Porsgrunn.


Målet med forsking ved Universitetet i Søraust-Noreg er produksjon, spreiing og bevaring av kunnskap. USN vil gjere alle sine forskingsresultat og forskingsdata  tilgjengeleg for enkeltmenneske, offentleg sektor, næringslivet og det globale forskarsamfunnet.

- Me vil jobbe for kunnskapsdeling og openheit. Dette inneber at forskingsresultat og forskingsdata frå USN raskt skal gjerast tilgjengeleg for alle nasjonale og internasjonale aktørar, seier viserektor Pål Augestad.Dag Even Torsøe viste fram det nye Forskningsdata-arkivet til HSN.

 

Forskningsrådet er positive

Torsdag 26. april var det duka til lansering av USN Research Data Archive (Forskningsdata-arkivet) ved studiestad Porsgrunn. Forskningsdata-arkivet blei presentert med tilhøyrande arbeidsgruppe og undervisingsopplegg.

 

- Dette har teke fire år. Det har vore mykje arbeid sjølv om prinsippa er enkle. Me har sete lenge på bakrommet og jobba med dette. Nå gler me oss til det blir brukt ute i felten. Dette arkivet er laga for forskarar og skal også vera best mogleg for forskarane å bruke, seier spesialbibliotekar ved studiestad Dag Even Torsøe.

Han viste fram arkivet og fortalde om arbeidesgruppa rundt Forskningsdata-arkivet, beståande av FoUI (forsking, utvikling og innovasjon), bibliotekseksjonen, IT-seksjonen og forskarmiljøet.

 

Det blei feira med kake og bobler under lanseringa av arkivet.

 

Forskningsrådet informerte om strategi for tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata. Marte Qvenild, som er seniorrådgjevar ved Forskningsrådet, roste USN sitt nye forskingsdata-arkiv.

 

- Så morosamt det er å kome til Porsgrunn i dag. USN har kome langt med denne løysinga. Det er framleis mange andre som sit i tenkeboksen. I Forskningsrådet ser me eit auka behov for lagringsmoglegheiter for forskingsdata, seier Qvenild.   

 

Krev gratis og ubegrensa tilgang

USN vil iverksetje ein politikk som inneber ubegrensa tilgang til og gjenbruk av publiserte forskningsresultat og underliggande datasett. Ein politikk som krev gratis og ubegrensa tilgang til forskingsresultat og –data fra USN tek på alvor signala frå nasjonale og internasjonale aktørar. EU krev full open tilgang frå 2020. I tillegg har ei rekke enkeltland utmeisla eigne målsetjingar og tiltak for å gjere forskinga open tilgjengeleg.

 

- Lengst har moglegens Nederland gått som har sett seg mål om 100 prosent open tilgang i 2024. I 2015 var kun 16 prosent av norske vitenskapelege artiklar publisert opent, seier Augestad.

 

Følgjer nasjonale og internasjonale signal

 

USNs politikk følgjer opp dei internasjonale og nasjonale signala, og gjer USN til ein føregangsinstitusjon når det gjeld open publisering av forskingsresultat og forskingsdata. I retningslinene erklærer USN tilslutting til dei grunnleggande prinsippa som ligg i dei nasjonale føringane: USN skal prioritere opne tidsskrifter, USN skal lagre forskingsartiklane ved publiseringstidspunktet og USN skal tilgjengeleggjere sine forskingsdata.

 

- Open tilgang til forskingsdata gjer at fleire forskarar kan nyttiggjere seg av data samla inn av forskarar ved USN, og knytte dei til data samla inn andre stader.  Det er rett at dette er eit komplisert område med mange tekniske utfordringar når det gjeld tilgang, seier Augestad.

 

Her har USN sett seg som mål å vere ein føregangsinstitusjon, og USN har nå fått på plass eit ope arkiv som skal gjere det enkelt å få tilgang til våre forskningsdata.

 

- Nå har me fått på plass eit system som gjer at alle gratis kan bruke USNs forskingsdata til ulike føremål utan å måtte betale eller innhente tillating, dersom ikkje spesielle forhold tilseier noko anna. Det er absolutt ein god grunn til å feire, seier Augestad.

 

Pro-rektor Kristian Bogen klipte sermonielt snora for å markere opninga.

 

- Det slår meg at me er inne i eit tidsskilje når det kjem til digitalisering og det må me ta inn over oss. Det er alltid hyggeleg å ligge i forkant enn å dilte etter. Biblioteket har vore ein føregangsinstitusjon i dette arbeidet, seier Bogen.

 

Kristian Bogen klipte snora for å markere opninga av arkivet.