Hospiteringsordningar innanfor profesjonsutdanningane

USN Profesjon. Eplelogo.

USN Profesjon er målområde 3 i utviklingsavtalen mellom universitetet og Kunnskapsdepartementet. USN Profesjon skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom universitetet og praksisfeltet. Ny, relevant og forskingsbasert kunnskap for profesjonen og profesjonsutdanninga skal utviklast gjennom samarbeidet.

USN vil, som ein viktig del av profesjonsrettinga av våre studieprogram leggje til rette for gjensidige hospiteringsordningar. Formålet med ordninga er å gjere undervisninga ved USN meir praksisnær og relevant. Vidare skal den medverke til kunnskap, kjennskap og tillit mellom universitetet og arbeidslivet.

Hospiteringsordninga er både for tilsette ved universitetet og for tilsette i praksisfeltet. Den skal medverke til at fagpersonalet ved begge instansar har god kjennskap til kvarandres ansvar- og arbeidsoppgåver, og til auka legitimitet. Ordninga er også tenkt å vere relasjonsbyggjande, og kan kanskje bli ein spennande start på eit vidare samarbeid både innanfor undervisning og forsking.

Hospitanten skal delta i dei alminnelege arbeidsoppgåvene ved verksemda og kan fungere som ein ekstra ressurs, men skal ikkje erstatte øvrig personale i verksemda. Hospiteringsperioden kan for enkelte medføre turnusarbeid.