Kombinasjonsstillingar innanfor profesjonsutdanningane

USN Profesjon er målområde 3 i utviklingsavtalen mellom universitetet og Kunnskapsdepartementet. USN Profesjon skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom universitetet og praksisfeltet. Ny, relevant og forskingsbasert kunnskap for profesjonen og profesjonsutdanninga skal utviklast gjennom samarbeidet.

USN Profesjon. Eplelogo.

Tilsette i praksisfeltet og fagpersonalet ved USN skal utvikle identiteten sin som profesjonsutdannarar. Det skal leggjast til rette for kontakt og samarbeid mellom utdanning og yrke, slik at dei to læringsarenaene vert utnytta godt. Like eins skal fagpersonalet ved USN ha god kjennskap til yrkesfeltet, og tilsette ved partnarinstitusjonane våre skal ha god kjennskap til og innverknad på universitetets utdanningsprogram.

USN Profesjon skal kople, styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom universitetet og praksisfeltet. Som ein viktig del av USN Profesjon vil USN leggje til rette for kombinasjonsstillingar. Dette er stillingar som er oppretta ved universitetet for fagpersonar frå praksisfeltet. Siktemålet med kombinasjonsstillingar er at lærarar og leiarar i praksisfeltet kan medverke til å gjere undervisninga ved universitetet meir profesjonsretta, praksisnær og relevant for studentane. Samstundes vil samhandlinga og samskapinga med praksisfeltet bli styrkt.

Døme på oppgåver for kombinasjonsstilling ved USN:

  • Medverke til å utvikle og vidareutvikle arbeidslivsrelevante studieplanar, emne og kurs ved USN.
     
  • Ha god kjennskap til, og gjere utdanningas læringsutbyte/læringsmål og rammer kjende for tilsette i praksisfeltet.
     
  • Medverke i undervisning på campus og å rettleie på bachelor- og masteroppgåver.
     
  • Medverke i praksisførebuande og praksisretta undervisning i utdanninga. Dette kan vere ferdigheitstrening og trening på relevante praksissituasjonar som studentane vil møte i praksisstudiar, til dømes profesjonsverkstader.
     
  • Utvikling av simulering som pedagogisk metode. Dette kan vere å utvikle simuleringsscenario som er realistiske og relevante, og med ein vanskegrad som er tilpassa føresetnadene til studentane.
     
  • Arbeidsoppgåver i rettleia praksis; mellom anna studentrettleiing og vurdering.
     
  • Hjelpe til i rettleiarkurs, utvikle og evaluere rettleiingsmodellar for praksisstudiar.
     
  • Identifisere område for forbetringsarbeid i utdanning og praksisfelt.
     
  • Medverke til generell fagutvikling og kunnskapsbaserte praksisstudiar.
     
  • Medverke til å utvikle modellar for praksisrettleiing, også i nett- og samlingsbaserte studiar, og for tverrprofesjonell samarbeidslæring.
     
  • Medverke til å utvikle studieprogram i tråd med samfunnets og arbeidslivets behov.