Læremiddelforskning og læremiddeldidaktikk – om satsingsområdet

Målsetjingar

USN si satsing på læremiddelforsking og læremiddeldidaktikk har som hovudmål:

  • å utvikle ein allmenn og fagspesifikk læremiddeldidaktikk til bruk i skolen og lærarutdanningane
  • å utvikle og formidle kunnskap om kva læremiddel har å seie for læring, undervisning og skoleinstitusjonen

Satsingsområdet har for tida to prosjekt: Exploring Nordic Education og Praksisfortolking av læremiddel – der USN samarbeider med læremiddel.dk og lærarutdanninga ved Uppsala universitet. Satsingsområdet skal også vere utgangspunkt for å utvikle større forskingsprogram, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Satsinga på læremiddeldidaktikk vil ha skolens praksisfelt som omdreiingspunkt og siktar mot å mot å utvikle ei forståing av korleis læremiddel kan forme kritisk medvit og fremje demokratisk medborgarskap, og dessutan å auke lærarane sin kompetanse i val, vurdering og tilrettelegging av læremiddel i praktisk bruk.

Organisering

Satsingsområdet læremiddelforsking og læremiddeldidaktikk er eit initiativ frå Forskingsgruppa for læremiddelforsking og er vedteke som satsingsområde ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap i perioden 2019–2022.

Satsingsområdet blir leia av ei sentral prosjektgruppe som rapporterer direkte til ei styringsgruppe som består av visedekan for forsking og instituttleiarane ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag og Institutt for språk og litteratur.