Klart for vinterfestival

Bunadskledd par dansar på ei scene medan ein speler hardingfele i forgrunnen. Foto
KAPPLEIK: I eit fullspekka program, er det laurdag 18. februar duka for kappleik på Rauland.

Velkomen til sju intensive dagar med folkemusikk, tradisjonskunst og konsertar på og rundt campus Rauland.

Rauland Internasjonale Vinterfestival. LogoRauland internasjonale vinterfestival finn stad frå 13.-19. februar. Det blir vinterkappleik og kurs i diverse handverk, dans, song og spel og mange flotte konsertar heile veka.

Langvegsfarne gjestar

Festivalen får i år besøk av folkemusikkstudentar- og lærarar frå universitet i Spania, Hellas, Estland og Frankrike, noko som vil setje sitt preg festivalen.

Onsdag byr universitetet sine internasjonale gjester og bygdefolk på ein eksklusiv konsert i Møsstrond kyrkje.

Det blir song og spel på fele, langeleik, munnharpe og fløyter med Ottar Kåsa, Inger Lien, Anders Røine, Silje Hegg og Per Åsmund Omholt.

Små timar

Fredag blir det konsert både med dei internasjonale gjestene, og Åse Teigland og Alexander Olavsson Røynstrand, som kjem for å spele nydelege slåttar frå Hardanger for oss, før dansen tek oss ut i dei små timar.

På laurdag blir det som alltid vinterkappleik for store og små (meld deg på i dag!), før eit av Noregs råaste band, Valkyrien Allstars, sparkar i gang laurdagsfesten.

Sundag landar me mjukt i ein lunsjkonsert med Johanna Seim og Sjur Nyvold, som har med seg sitt rykande ferske album.