Skreiv «Europas beste læreverk»

 Kristin Gregers Eriksen og Tuva Skjelbred Nodeland. Foto
PRISVINNANDE: Førsteamanuensis Kristin Gregers Eriksen og universitetslektor Tuva Skjelbred Nodeland har skrive boka saman med Guro Sibeko, Jan Grødem og Sara Kristiansen.

Kristin Gregers Eriksen og Tuva Skjelbred Nodeland har mottatt den høgste utmerkinga forfattarar av læremiddel kan motta: BELMA-prisen i gull.

Kvart år blir dei prestisjetunge Best European Learning Materials Awards (BELMA) delte ut under bokmessa i Frankfurt 2022.

Arena 6. BokomslagI år var det to USN-arar som henta heim den gjevaste av dei: sjølvaste BELMA-prisen i gull, for Arena 6, som er eit læringsverk i samfunnsfag berekna for 6. trinn på barneskulen. 

Prisen blir stemt fram av fagpersonar frå heile Europa, og er den høgste utmerkinga forfattarar og produsentar av læremiddel kan motta i Europa, skriv Aschehoug forlag i ei pressemelding.

Det er førsteamanuensis Kristin Gregers Eriksen og universitetslektor Tuva Skjelbred Nodeland som har skrive boka, saman med Guro Sibeko og Sara Kristiansen.

– Som samfunnsforskar er det viktig for meg å synleggjere samfunnsfaget som eit forskningsfag, ikkje berre eit «snakke- og mene-fag», slik nokon av og til oppfattar det som. Vi har jobba heilskapleg med å tilby elevane ei breidde av verktøy og læringsstrategiar for å sjølv vere med å finne, skape og vurdere kunnskap, fortel Eriksen, som er tilsett på Institutt for kultur, religion og samfunnsfag på USNs Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitenskap.

Dekan på fakultetet, Per-Ludvik Kjendlie, er stolt av sine mediarbeidarar: 

– Nettopp i desse tider, kor mange kommunar avsluttar bruken av tradisjonelle læreverk, og i ånda til digitaliseringa klipper og limer saman pensumet til skulebarna, er det viktig at nokon står opp for eit inspirerande og samanhengande læreverk, seier Kjendlie.

«Ekstremt lesarvenleg og motiverande»

I grunngjevinga si trekk juryen fram at Arena 6 «utviklar overførbare evner som argumentasjonsteknikkar, research-metodar, og dessutan evne til kjeldekritisk tenking og tekstanalyse. Mangfald blir illustrert gjennom bilde og statistikk, noko som styrker det kulturelle medvitet til elevane».

– Eg set særleg pris på at juryen har lagt merke til og løfta fram at vi har jobba gjennomgåande med å synleggjere mangfald og representasjon. At mangfald ikkje berre skal synast når teksten handlar om mangfald som tema, men at boka som heilskap skal avspegle det samfunnet vi har og dei ulike menneska som er del av det. Dette er viktig for å skape likeverd, og at alle elevar kan kjenne seg igjen og føle seg myndiggjort gjennom boka, fortel Eriksen.

Juryen gler seg vidare over at boka har «ein attraktiv layout og design, med ein glimrande balanse av tekst og illustrasjonar som gjer sidene både ekstremt lesarvenlege og motiverande for så vel elevar som lærarar».

Også dei digitale løysingane til verket blir løfta fram: «Det digitale stoffet er interaktivt, og oppmuntrar elevane til å jobbe kvar for seg og i fellesskap på ein engasjerande og motiverande måte. Oppgåvene innbyr til vidare refleksjon og diskusjon».

Fokus på kjeldekritikk

– Det er veldig moro å få denne forma for heider etter så mange lange kveldar og seine netter, seier Nodeland.

Ho er utdanna historikar og spesielt glad for at historiefaget er såpass framtredande i boka:

– I ei tid der ein snakkar om at historiefaget er i ferd med å forsvinne ut av skulen, er eg spesielt stolt over at vi har skrive ei bok der historie og fokus på kjeldekritikk har fått så mykje plass, seier ho.

Arena-bøkene er dei første læremidla hennar som forfattar.

– Sånn sett er det å motta BELMA-prisen nærast som å få yatzy på første kast, ler ho.

Debattskapande
Arena 6 har allereie vist seg å vere ein modig og kontroversiell bok:

På forsommaren vart det debatt om boka etter at Kristeleg Folkepartis leiar Kjell Ingolf Ropstad stilte skriftleg spørsmål i Stortinget til kunnskapsminister Tonje Brenna. Han meinte Arena 6 framstilte kristne på ein negativ og fordomsfull måte, eksemplifisert gjennom ei forteljing om ein kristen gut som ikkje tør å fortelje dei kristne foreldra sine at han er forelska i ein annan gut.

Forfattarane helser debatten velkommen.

– At bdet blir debatt viser at boka er relevant og at ho treffer. Forsking på det norske samfunnsfaget viser at mange kvir seg for å diskutere kontroversielle og sensitive tema i klasserommet. Samtidig er jo det heilt avgjerande for kritisk tenkning og læring i samfunnsfag, at ein òg går inn i det som er vanskeleg og som skaper konflikt. Mange elevar fortel, mellom anna i forskinga mi, at dei føler seg undervurdert i skulen, at det dei lærar ikkje nødvendigvis gjenspeglar den verkelegheita dei opplever, seier Eriksen.

Nodeland legg til:

– Eg synest debatten fekk fram det komplekse i at alle elevar skal kjenne seg trygge i klasserommet, samtidig som det er utruleg viktig å ta opp temaet sosial kontroll i ulike miljø. Og så tenker eg jo òg at denne prisen er med på å trygge oppfatninga vår av at boka som heilskap held høg kvalitet, seier ho.

Unge handlingsagentar 

Arbeidet med Arena 6 starta i 2017, og vart gitt ut i 2021. Då vart verket introdusert for norske skuleklassar. Redaktør og prosjektleiar for verket, Karianne Nessen, var den som handplukka forfattarane.

– Nokre av kjerneelementa i faget er demokratiforståing og deltaking, samfunnskritisk tenking og berekraftig utvikling. For oss har det vore viktig å inspirere og øve elevane til å vere unge handlingsagentar som kan tenke berekraftig og kritisk og diskutere på ein god og sakleg måte. Dei skal vere demokratiske medborgarar som bryr seg om og deltar i samfunnet dei lever i, seier redaktør Karianne Nessen.

BELMA. Logo

Les meir omBest European Learning Materials Awards (BELMA)

Om boka:
Arena 6 –  Samfunnsfag

Arena 6 Samfunnsfag presenterer varierte, spennande og kreative klasseromsaktivitetar. Elevane får erfaringar med demokratiske prosessar i klasserommet ved høg elevmedverknad og deltaking.

Læremiddelet legg til rette for at elevane skal vere nysgjerrige og utforskande, både i og utanfor klasserommet, og aktive deltakarar i si eiga læring. Arena bidrar til å fremme verdiar som likeverd og toleranse i ei verd som krev ei aktiv tilnærming til desse temaa.

Forfattarane bruker samfunnsfagleg metode for å pirre forvitenskapen til elevane. Gjennom metodane skal elevane lære korleis dei lærer og korleis dei best mogleg tileignar seg kunnskap.
 
Det er òg eit stort fokus på kjeldekritikk. Elevane skal lære kvifor dei skal vere kritiske og korleis dei finn ut om ei kjelde er sikker eller ikkje.
 
Arena tar for seg heile læreplanen, for å sikre verdigrunnlag og kvalitet i samfunnsfagundervisninga. Læremiddelet har ei solid fagleg forankring og ein progresjon tilpassa dagens elevar.