Olaug Nilssen: Tung tids tale

Master i faglitterær skriving i samarbeid med biblioteket inviterer til eit møte med Brageprisvinner Olaug Nilssen.


18 Jan

Praktisk informasjon

  • Dato: 18. januar 2018
  • Tid: kl. 12.30 - 13.15
  • Sted: Campus Vestfold, Biblioteket, 2.etg.

Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Olaug fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Boka braut tabu knytte til ungdom og seksualitet og blei definerande for ein heil generasjon. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur.  Med Tung tids tale bryt ho igjen tabu, denne gongen med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. Omtalen er utarbeidd av Samlaget.