Konferanse om Aasmund Olavsson Vinje

Aasmund Olavsson Vinje. Bilete på HSN-bakgrunn.

Vi ønskjer med dette velkommen til ein jubileumskonferanse om Aasmund Olavsson Vinje. Han vart fødd 6. april 1818, så i år er det 200 år sidan denne mangslungne og på fleire vis originale diktaren kom til verda i Vinje-grend i Telemark.


29 Nov

Praktisk informasjon

  • Dato: 29. november 2018 - 30. november 2018
  • Tid: Hele dagen
  • Sted: Campus Bø

  • Påmeldingsfrist: 20. september 2018
  • Deltakaravgift: 875 kroner inkludert meirverdiavgift (kroner 600 for studentar). Festmiddag og lunsj begge dagar er inkludert. 

Brei mønstring av forskingsbidrag om Vinje

Vi markerer jubileet med ein konferanse på studiestad Bø torsdag 29.–fredag 30. november 2018. Vi vil ikkje avgrense innhaldet til eit bestemt fagområde eller til ei spissformulert problemstilling. Vinje er større enn alle etablerte disiplinar. Derfor inviterer vi til ei brei mønstring av forskingsbidrag om Vinje, om mannen og verket, i samtid og ettertid.

Om Vinje

Fleire av Vinjes songar og dikt er allemannseige, hans Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er ein klassikar i norsk litteraturhistorie, og språkhistorisk er han ein pioner i utviklinga av det nye landsmålet. I akademiske krinsar har ein i stigande grad fått augo opp for den dristige og innhaldsrike prosaen hans. Som aldri før treng vi tvisynet hans til å skape rørsle i dei fastfrosne meiningane vi held oss med.

Forfattarskapen er fleire gonger samla i større verkutgåver, men aldri komplett. Fleire hundre artiklar har aldri vorte trykte oppatt sidan dei stod i avisa fyrste gongen. No i jubileumsåret vil desse bli tilgjengelege. Dei som vil studere Vinjes essayistiske journalistikk, får her tilgang til eit stort materiale. Forskarane har også fått ei anna skattkiste, nemleg den nye Vinje-bibliografien til Ottar Grepstad. Den inneheld 444 tettpakka sider med informasjon om alt som er skrive av og om Vinje. Det er nok å ta tak i.

Mål for konferansen

Vi ønskjer at konferansen kan stimulere til auka forskingsinteresse for Vinje, og at du melder deg på denne dugnaden. Om du vil bidra med eit eige innlegg på inntil 20 minutt, så send oss eit framlegg om dette. Vi treng tittel og samandrag. Vi kan tenkje oss foredrag og sesjonar om til dømes Vinje som lyrikar, som forteljar, som målmann, som journalist, pressemann og kritikar, som essayist, retorikar, sosiolog, filosof. Vinje kan knytast til så mykje, til musikken, politikken, turismen. Vi arbeider for å få til ei bok i 2019 med innlegg frå konferansen.

Gode kollegaer, det er opp til dykk å finne ferdavegar i Vinjes landskap!

Forelesarar

Desse har alt meldt frå om at dei vil delta med innlegg på konferansen: Merete Morken Andersen, Norunn Askeland, Herleik Baklid, Liv Bliksrud, Gudleiv Bø, Amund Børdahl, Mads Breckan Claudi, Ståle Dingstad, Peter Fjågesund, Geir Grimeland, Ottar Grepstad, Kristian Ihle Hanto, Andre Horgen, Jens Johan Hyvik, Jon Haarberg, Margit Ims, Eva Maagerø, Sveinung Nordstoga, Kristian Lødemel Sandberg, Thomas Seiler, Olav Solberg, Johan Magnus Staxrud, Sigrid Aksnes Stykket, Bernt Øyvind Thorvaldsen, Bjørn Tordsson, Evy Beate Tveter, Aslaug Veum, Christian Hummelsund Voie, Kai Østberg, Bente Aamotsbakken, Arnfinn Åslund.

Program

Konferansen startar torsdag 29. november med registrering frå klokka 9.00 og opning klokka 10.00. På kvelden er det festmiddag på Bø hotell. Konferansen sluttar fredag 30. november klokka 16.00. Meir informasjon om programmet kjem seinare. 

Påmelding

Overnatting

Campus Bø ligg i gangavstand frå Bø stasjon som er stoppestad for buss og tog. Bø Hotell og Beverøya Camping tilbyr overnatting.

Bø Hotell ligg rett ved Høgskolen. Vi har reservert rom som blir haldne av inntil 1. oktober. Konferanseprisen er kr 915 for enkeltrom og kr 595 pr. person i dobbeltrom. Ved tinging av hotellrom må de nytte konferansens ordrenummer som rabattkode. Dette nummeret er 92620.

Beverøya Camping  ligg om lag 2 kilometer frå Høgskolen (retning mot Gvarv). Dei tilbyr overnatting i vinterisolerte hytter. Prisane varierer. Studiestad Bø har rabattavtale med Beverøya, så når de tingar overnatting, må de seia ifrå om at de skal på konferansen.