Årets folkemusikar

Stipendiat Anders Røine. (Foto: Anne Marthe Før)
Stipendiat Anders Røine. (Foto: Anne Marthe Før)

Stipendiat Anders Røine ved studiestad Rauland er kåra til årets folkemusikar av Folkelarm. Høgskulelektor Ånon Egeland tok prisen for tradisjonelt samspel.

Juryen meiner årets folkemusikar 2017 spelar på mange strengar, både bokstavleg talt som musikar og som person i musikkbransjen. Instituttleiar i Rauland Stian Roland er stolt av dei to tilsette musikarane.

- Det er sjølvsagt veldig bra, men ikkje overraskande at dei to fekk desse prisane. Begge er særeigne i stil og dyktige musikarar på toppnivå, seier Roland.

Stødig tradisjonsjonsberar

- Vedkomande har hevda seg som ein sterk utøvar på mange ulike instrument, og er både ein stødig tradisjonsberar og ein innovativ kunstnar. Årets folkemusikar er ikkje redd for å blande sjangrar og folkemusikktradisjonar frå ulike land. Den personlege miksen er ein viktig merkelapp på mykje av det han driv med. Han har detaljert kunnskap om mange ulike felt. Ispedd en musikalsk nysgjerrighet gir dette seg utslag i et unikt uttrykk hos vedkomande som musikar, produsent, innovatør og akademikar. Årets folkemusikar er flink til å tilegne seg nye stilartar og teknikkar, og han utnyttar instrumenta han spelar på til det fulle, grunngjev juryen.

Prisvinnaren er ein attraktiv medmusikant blant fleire av landets framste musikarar, og han er å sjå i mange samanhengar.

Året 2017 startet med at han mottok Spellemannprisen 2016 og fortsette vidare med fleire plateinnspelingar både som musikar og produsent. I år har han mellom anna laga bestillingsverket Reôlo til Jørn Hilme-stemnet saman med Hans Hulbækmo og Hans og Rasmus Kjorstad. Dette blei også framført på Ultimafestivalen.

I 2017 har prisvinnaren også turnert og spelt inn plate.

1. januar 2018 startar Røine formelt på ein doktorgrad ved Høgskulen i Søraust-Norge. Han skal gjere ein utforskande studie av spelteknikk i norsk slåttetradisjon med utgangspunkt i langeleik og får arbeidsstad på Rauland. 

Ånon Egeland. Vann samspel

Ein annan musikar ved studiestad Rauland, Ånon Egeland, vann også pris hos Folkelarm. Han vann klassa «Tradisjonelt samspel» saman med Mikael Marin. Egeland på hardingfele og Marin på bratsj spelar tradisjonelle og triste låter i lekkert samspel, ifølge juryen.

- Med nedstemte instrument spelar dei to sørgelege toner til å bli glad av. Eit sjeldent lydbilde gjev tradisjonelle låter et nytt liv, med tett samspel mellom hardingfele og bratsj i raffinerte arrangement. Ånon og Mikael er musikarar med klare og sterke personlege uttrykk, som utfyller og forsterkar kvarandre i samspelet. Ånons særegne tone, ornamentikk og intonasjon får ny musikalsk meining i Mikaels minimalistiske arrangementsverd. To musikalske legender møtast og snakkar musikalsk saman som dei gamle venene dei er, skriv juryen i grunngjevinga si.