Slik blir ny lærarutdanning på HSN

Lærer i undervisningssituasjon. Illustrasjonsfoto
Foto: Andreas Kleiberg / HSN

Lærarutdanning på masternivå for grunnskolen startar hausten 2017 ved fire av HSNs studiestadar.


Petter Aasen. FotoAv: Rektor Petter Aasen

Den 15. april er søknadsfristen for opptak til universitet og høgskolar. Ved Høgskolen i Søraust-Noreg (HSN) er det denne hausten oppstart for vår heilt nye, femårige grunnskolelærarutdanning på masternivå  på fire studiestader: i Drammen, Vestfold, Porsgrunn og på Notodden.

Mangfaldig og fleksibel studiemodell

Etter fusjonen mellom dei tidlegare høgskolane i Buskerud, Telemark og Vestfold er HSN no ein av landets største lærarutdanningsinstitusjonar. Det gjer at vi kan tilby ei brei vifte av ti skolefag på masternivå, både dei store og sentrale faga som norsk, matematikk, engelsk og naturfag, men vi tilbyr også kunst og handverk og kroppsøving som masterfag.

Vi har ein studiemodell som skal gi fleksibilitet for studentane når det gjeld samansetting av fag. Det betyr at studiane kan bli gjennomført både på campus, eller som nett- og samlingsbaserte og på deltid.

Forskningsbasert og praksisnær

Vår nye grunnskolelærarutdanning er praksisorientert samtidig som den vil gi våre studentar solid fagleg tyngde. Mange er redde for at den nye lærarutdanninga på masternivå skal bli for akademisk, teoretisk og fjern frå det ansvar og dei oppgåver som ein lærar skal mestre. Vi har lagt vekt på at den nye utdanninga skal ta med seg det beste frå tidlegare lærarutdanning med tett kontakt mellom studentar, faglærarar og praksislærarar og samtidig vektlegge sterkare ny, forskingsbasert kunnskap. Læring skal skje både på campus og i yrkesfeltet.

Vi har eit nært og godt samarbeid med praksisfeltet i heile Søraust-regionen. Dette samarbeidet vil vi styrke ytterligare i denne utdanninga, både i dei første åra av studiet, men ikkje minst når studentane skal velje masterfag og tema for sine masteroppgåver. Våre studentar vil få hjelp til å finne relevante, fruktbare og forskbare problemstillingar der både faglærarar ved høgskolen og praksislærarar skal støtte og vegleie. Vi legg vekt på at masterarbeidet skal bidra til kunnskap som skoleverket etterspør.

Krevande og engasjerande

Det nye studiet vil altså vere lengre og meir krevande enn tidlegare, og krava for å bli tatt opp er også skjerpa. Opptakskravet til grunnskolelærarutdanning og 5-årig lektorutdanning er minst 35 skolepoeng og eit gjennomsnitt på minimum karakteren 3 i norsk (393 timar) og 4 i matematikk (224 timar). Som søkar dekker du også karakterkravet i matematikk dersom du har bestått eitt av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Vi er spent på korleis dei skjerpa krava vil slå ut for rekrutteringa til utdanninga. Dei vart innført allereie i fjor, og vi ser tendensar til at dei som starta på studiet med eit godt grunnlag frå vidaregåande har større sjanse til å lykkast og trivest i studiet. Det lovar godt for at denne nye lærarutdanninga blir eit kvalitetsløft.

Verdens viktigaste yrke

Arbeidslivet endrar seg, ein del jobbar vil forsvinne og nye vil kome til. Læraryrket blir kalla verdens viktigaste yrke, og prognosane viser at det vil bli underskot på lærarar i framtida. Berre i vår region syner tal frå statistisk sentralbyrå at det er behov for 4600 nye lærarar dei neste ti åra.

Med denne nye utdanninga vil nye generasjonar lærarar ha utsikter til gode, givande og sikre jobbar. Ei mastergrad frå HSN vil vege tungt.