Tidlegare student blir instituttleiar

Stian Roland
Stian Roland er ny instituttleiar på institutt for tradisjonskunst og folkemusikk på studiestad Rauland.

Stian Roland (37) har teke over roret etter Bodil Akselvoll sin lange karriere på HSNs tradisjonsrike campus Rauland.

Tekst: Else Børte

Den ferske instituttleiaren har sjølv studert på Rauland. Det resulterte i ein mastergrad i tradisjonskunst. Nå er han i ei heilt ny rolle på studiestaden og har store sko og fylle.

- Bodil Akselvoll har bygd opp mykje av det som er her – eit solid fundament som me skal byggje vidare på. Det har vore travelt og mykje å setje seg inn i på kort tid, særleg det å setje seg inn i fusjoneringa mellom høgskolane i Buskerud, Vestfold og Telemark, seier Stian Roland om den spanande starten.

Instituttleiar-stillinga er ei åremålsstilling over fire år. Bodil Akselvoll hadde stillinga i imponerande 20 år. Nå er det 37-åringen frå Øystre Slidre i Valdres som skal styre tradisjonskunstens flaggskip.

- Dette er ein fagleg svært spennande jobb. Rauland held høgt nivå på undervisning og forsking på tradisjonskultur. Dette er unikt i norsk og internasjonal samanheng, seier Roland.

Studiestad Rauland har rundt 120 studentar, to bachelor-løp (folkemusikk og tradisjonskuns) med felles mastergrad og samlingsbasserte studier som til dømes Norwegian Folk Music, design redesign og saum av klede og kreativ maskinstrikk.

Lang erfaring

Roland har ryggsekken full av erfaring. Fram til hausten 2015 hadde han eit fireårig engasjement som leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Han har i tillegg jobba utøvande frilans som musikar, dansar og fagperson. Festivalane Jørn Hilme-stemnet og Strunkeveko har han også leia. Han var prosjektleiar for prosjektet Bygda dansar i Oppland (2007-2010). Då Bygda dansar i Telemark (Tiljetakt) hadde si sluttframsyning i 2016 var Roland koreograf. I tillegg har han jobba mykje med talentutvikling blant unge dansarar og undervist ved dansevitenskap ved NTNU. Den kompetente karen har klare planar for kva han vil med studiestad Rauland.

- Det er høg forskarkompetanse på instituttet i Rauland, og me er svært gode på internasjonale samarbeid. Dette bør me bli flinkare til å synleggjera på nasjonalt plan, seier han.

- Lite urban

Instituttleiaren ser på Rauland som noko heilt spesielt.

- Studiestaden er så lite urban som du kan få det. Her driv studentane kunnskapsproduksjon frå dei står opp til dei legg seg. Det er mykje diskusjon/ refleksjon kring det som står i studieplanen i studentgruppa og dette gjev mange knaggar å henge kunnskapen på. Rauland har eit særleg fokus på koplinga mellom praksis og teori, noko som dessverre har vore verdsett for lite i akademia i mange år, seier Roland.

Han trekkjer også fram det unike arbeidsmiljøet ved instituttet. Kvart år arrangerer dei tilsette ein vinterfestival utanfor arbeidsplanen. Alt blir gjort via frivillig og idealistisk arbeid. Etter eitt par veker i ny jobb konsentrerer Roland seg om å lære det gode arbeidet som alt er gjort.

- Etterkvart vil eg leggje meir av meg sjølv i arbeidet. Eg ser særleg eit potensiale i å fokusere på koplinga mellom musikken og dansen, avsluttar den ferske instituttleiaren.