Utviklingsavtala er ei ordning mellom Kunnskapsdepartementet (KD) og statlege høgskular og universitet. Siktemålet er at institusjonane får ein tydelegare profil og ei god arbeidsdeling. Utdanning og forsking av høg kvalitet er det overordna målet. Differensiert styring gjennom utviklingsavtalene skal leggje til rette for at institusjonane kan ivareta sitt samfunnsoppdrag og svare på nasjonale, regionale og lokale behov.
Mål for USN
I 2023 gjekk USN inn på ei ny utviklingsavtale med KD. Måla i avtala skal bli realisert innan våren 2027, og i 2023 blir det utarbeida ein situasjonsrapport som grunnlag for å måle utvikling på dei ulike områda. USN vil rapportere på utviklinga som del av årsrapporten til KD.
Vere eit opent universitet som tilbyr arbeidslivsintegrerte og fleksible utdanningar
USNs desentraliserte struktur med fleire campus er ein styrke. Ved å vere til stade regionalt gjer me høgare utdanning og forsking tilgjengeleg for fleire, og samspelet med partnarar gjev god innsikt i kompetansebehova arbeidsmarknaden treng.
USN utviklar studietilbod i samspel med samfunnet omkring oss, og inkluderer arbeidslivserfaring i utdanningane, og sikrar at studentane får kompetanse til å vidareutvikle samfunns- og arbeidslivet dei blir ein del av.
USNs profesjonsretta, arbeidslivsorienterte og samfunnsrelevante utdanning blir lagt til stadar der folk bur og arbeidar.
Vere eit framtidsretta universitet som bidreg til ei kunnskapsbasert, kritisk reflektert og berekraftig samfunnsutvikling i dialog med samfunns- og arbeidsliv
USN fremjer ei ansvarleg og berekraftig samfunnsutvikling gjennom eit samspel av forsking, utdanning, kunstnarisk utviklingsarbeid, formidling og innovasjon.
USN set lys på samfunnsutfordringane og bidreg til å møte desse gjennom samarbeid på tvers av fag, profesjonar og sektorar og utviklar nye modeller for samskaping og samhandling.
USNs studentar og tilsette engasjerer seg i samfunnsutfordringane og er ressursar for omstilling og utvikling regionalt, men òg nasjonalt og internasjonalt.
Vere eit nyskapande fleircampusuniversitet som samarbeider tett med samfunns- og arbeidsliv i regionen
USNs desentraliserte struktur og entreprenørielle profil gjer at USN har som ambisjon å ta ei leiande rolle som ansvarleg samfunnsutviklar og vere ein pådrivar for nyskaping i regionen.
Rolla som samfunnsutviklar føreset gode partnarskap med aktørar i privat og offentleg sektor og utstrekt samfunnsdialog. Våre studentar og tilsette bidreg gjennom kreative, tverrfaglege, tverrprofesjonelle og tverrsektorielle arbeidsfellesskap til å styrkje kulturell, sosial og økonomisk verdiskaping i regionen. USN utviklar kunnskapsgrunnlaget for nye tankesett, løysingar, tenester, praksisar, prosessar og produkt i samarbeid med offentleg, privat og frivillig sektor.
Styringsparametra
- Sikre at utdanningane tek utgangspunkt i samfunnets og arbeidslivets noverande og framtidige kompetansebehov.
- Styrke arbeidet med digital kompetanse i alle utdanningar.
- Auka bruken av innovative og fleksible pedagogiske metodar og løysingar som trekkjer studentane aktivt med i læringsprosessane.
- Leggja til rette utdanningane betre for ei mangfaldig studentgruppe.
- Tilby fleire desentraliserte utdanningar gjennom mellom anna fleircampusmodellen.
- Styrke mobiliteten av studentar og tilsette og utvikla utdanningane gjennom regionale og internasjonale partnarskap.