Løfta fram D-en i EDUC

kvinne held ein presentasjon foran publikum. Foto
GODE RÅD: Erin Anna Smith frå tsjekkiske Masaryk Universitet presenterte EDUCs arbeid med virtuelle utvekslingsprogram og blanda mobilitet. (FOTO: EDUC)

Erin Smith representerte universitetsalliansen vår då fagpersonar frå heile verda fann saman på digitaliseringskonferansen til Academic Cooperation Association.

Universitetsalliansen vår, European Digital Univercity (EDUC), var representert på Academic Cooperation Association (ACA) sin konferanse om digitalisering i Heidi Tovsrud Knutsen. Fotointernasjonal høgare utdanning: Forward Looking Perspectives, som fann stad i Praha (Tsjekkia) mars 2023.

Mønsterpraksis

Erin Anna Smith frå alliansepartnar Masaryk Universitet presenterte ei rekkje mønsterdøme på både virtuelle utvekslingsprogram og blanda mobilitet som vart organisert i pilotfasen av EDUC (2019-2022). 

Smith gav til dømes deltakarane råd om kva som bør vurderast ved oppstart av eit virtuelt utvekslingsprogram eller blanda mobilitetskurs. Ho løfta òg fram viktige faktorar for internasjonalisering som må vurderast, og lærdommar frå arrangørar, lærarar og studentar. 

Gode døme

Arrangementet vart besøkt av over hundre fagpersonar frå heile verda. 

– Vi gratulerer Academic Cooperation Association og Czech National Agency for International Education med eit vellykka arrangement og høva det gav til å dele erfaringane våre frå EDUC, seier prosjektleiar for EDUC på USN, Heidi T. Knutsen.

European Digital UniverCity (EDUC) 

Den europeiske universitetsalliansen European Digital UniverCities (EDUC) er eit konsortiesamarbeid mellom åtte europeiske universitet, under EU-programmet European Universities Initative.

EDUC vart etablert i 2019 og blir koordinert av Universitetet i Potsdam, og består elles av Paris-Nanterre, Université Rennes 1, Universitetet i Cagliari, Universitetet i Pécs, Masaryk Universitet  og Universitat Jaume 1, i tillegg til USN.

Målsetjinga med EDUC-samarbeidet er tettare, forpliktande samarbeid om felles strukturar rundt utdanning, forsking, innovasjon og digitalisering for å fremje europeiske verdiar og kvalitet i utdanningane.

Sentralt i EDUC-samarbeidet står digitalisering, samarbeid med regionar og samfunnsaktørar, og dessutan inkluderande utdanning.

I juli 2022 fekk alliansen beskjed om at han har fått løyvd EU-midlar for å intensivere og styrke samarbeidd i fire nye år.