Studentlivet på Rauland

Folkemusikkstudenter på Rauland øver
Studentane på folkemusikk får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive utøvarar.

Utøvande studiar
Institutt for folkekultur har spesialisert seg på utdanning i folkemusikk og tradisjonsbasert design og handverk innan tre, metall og tekstil (folkekunst). Alle studia våre har ein utøvande profil.

Folkekunsten, både handverksteknikkar, materialbruk og estetikken, er kjelder for studentane i eigne arbeid og vi legg vekt på at studentane arbeider mykje på dei ulike verkstadane.

Studentane på folkemusikk får individuell undervisning av lærarar som sjølve er aktive utøvarar. Ein kan få undervisning i song, fele, hardingfele, munnharpe, toradar, fløyte, strengeinstrument mm. Gjennom timane i samspel får studentane erfaring i å spele saman med andre og i å produsere repertoar som t.d. kan brukast i konsert- og turnésamanheng.

Studiestad
Instituttet held til i moderne lokalar med godt utstyrte verkstadar for tre-, metall- og tekstilarbeid, spesialrom for musikk, lydstudio mm. Det er kantine på skolen og kort avstand til studentheim, butikkar, kafear og idrettsanlegg /svømmebasseng.

Studentmiljø
Rauland er kjend for å ha eit godt studentmiljø, både i studiesamanheng og på fritida. Studentane er aktive deltakarar i arrangement på skolen og i bygda, gjennom konsertar/pubkveldar i Årestoga, utstillingar, filmklubb, dans og idrett. Studentane deltek også på festivalar og seminar i inn- og utland, i regi av skolen, eller gjennom instituttet sine nettverk.

Folkemusikkscenen på Rauland arrangerer spennende konserter og hyggelige studentkroer gjennom hele studieåret.

I vintersesongen er det 14 mil med preparerte løyper og fleire skianlegg.

Eit omfattande nettverk innan folkemusikk og tradisjonskunst
Instituttet er del av eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk. Dette gjer at ein ofte har spennande gjestelærarar, kunstnarar og utvekslingsstudentar i Rauland. Møte mellom studentar og lærarar frå ulike tradisjonar og kulturar gjer studiemiljøet spennande, utviklande og kreativt.

Rauland Internasjonale Vinterfestival
Rauland Internasjonale Vinterfestival arrangeras er eit resultat av det omfattande nettverket som studia i Rauland har. Ei veke i februar er sett av til konsertar, utstillingar, workshops i folkemusikk og folkekunst, pubkveldar, seminar og sosialt samvære.