Gjestetrenar frå spansk storklubb

Levante-besøk. Foto
Fotballtrenar-studentane ved campus Bø var så heldige at dei blei trent av Levante-trenarar i Telemarkshallen. Foto: Frode Telseth

Da trenarstudentane i Bø møtte fotballtrenarane frå fjorårets La Liga-klubb Levante, blei norsk kosetur i fjellet til spansk sprint.

Tekst: Else Børte

Daniel Pastor og Ferdi Sio frå Valencias nest største klubb Levante UD vitja 2. februar Høgskulen i Søraust-Noreg. 

Det var fotballtrenarstudentane i Bø som tok imot Levante-trenarane. Pastor og Sio presenterte klubbens fotballfilosofi og treningsmetodologi. Da blei det sjølvsagt lagt inn ei trening i Telemarkshallen, der studentane blei utfordra av ligatrenarane.

- Trenarane fekk opp intensiteten på kjente øvingar. Dei trykte på dei rette knappane til trenarstudentane, seier høgskulelektor ved Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving Frode Telseth.

Spansk tempo

- Pulsen var høgare enn vettet og innsatsen større enn ferdigheita, ler Telseth.

Han meiner dette er bra lærdom for trenar-studentane. Det spanske spelet er distinkt og ber preg av mykje rørsle og dynamikk.

- Me har litt å lære av det spanske tempoet. Gjer ting så fort du kan, så får det heller vere at du ikkje alltid får til ting, oppfordrar Telseth dei norske spelarane.

Høgskulelektoren fortel at det handlar like mykje om kognitiv kapasitet, som kroppsleg ferdigheit.

Unik kobling mot La Liga

Stadig fleire internasjonale fotballklubbar marknadsfører seg med fotballskular. Levante hadde alt kontakt med dei sørvestlandske klubbane Eiger og Flekkefjord. Difor var ikkje vegen lang til Bø i Telemark. I tillegg har Telseth eit samarbeid gåande med Universidad Católica de Valencia San Vicente Màrtir og kontakt med La Liga-klubbane Levante, Valencia og Villarreal.

- Dette er det tredje året trenarstudentane ved campus Bø skal ned, og andre året med seminar saman med klubbane. Dei tre klubbane har vore med heile vegen, seier Frode Telseth.

Han fortel at ein såpass tett link til klubbane er unikt i norsk høgskulesamanheng. Studentane er der ei veke. Dei får sjå treningar, kamp og byen.

Innsyn i ein annan kultur

Mastergradstudenten Eirik Opdal var på eit fem vekers opphald i Villarreall og kom nært innpå trenarar og spelarar.

- Det var eit spesielt innsyn i ein annan kultur. Rammene rundt fotballen var meir organisert. Det var fleire og tilsette trenarar. Nesten som ein fabrikk. Der var det viktig å utvikle den enkelte spelaren. Kvar enkelt spelar får utfordra seg på det dei må bli gode på, seier Opdal.

To andre studentar har hatt utveksling i Spania med trenarpraksis i Levante. Mest sannsynleg reiser ein student til frå Bø i løpet av hausten.

- Du får ikkje stort betre praksis. Dei spanske klubbane er best i verda på spelarutvikling. Mitt mål er at studentane tek med seg impulsane tilbake til norsk breiddefotball. Trenarstudentane får nytt blikk på spelet, avsluttar Telseth.