Nominert til Spellemann 2017

Ånon Egeland. Foto.
Ånon Egeland er nominert med albumet 'Sorpesoll'.

Albumet «Sorpesoll», som er produsert og spela inn ved HSN studiestad Rauland, er nominert til Spellemannsprisen i folkemusikk.

Høgskulen i Søraust-Noreg er høgst delaktig i det Spellemannspris-nominerte albumet «Sorpesoll» som er med i kåringa sundag 25. februar. HSN stod for studio og produsent.

Det er professor emeritus i tradisjonskunst Tellef Kvifte som er produsent. I tillegg er det lektor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk Ånon Egeland på hardingfele, som saman med artisten Mikael Marin på bratsj, står for musikken på albumet.

- Det er alltid hyggeleg at nokon sett tilstrekkeleg pris på det ein gjer, seier Egeland.

Lang fartstid

Det var under fjorårets Vinterfestival i Rauland, som Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk arrangerer kvart år, Egeland fekk besøk av Mikael Marin og dei heldt ein konsert saman.

- Eg har spela med Marin i 25 år. Me ville finne på noko nytt og brukte grovare strengar slik at me kan stemme mykje lågare enn me vanlegvis gjer. Det var eit visst repertoar som tvang seg fram fordi ein ikkje kan spele så raskt på grove strengar. Melodiane blei seine og forhåpentlegvis kjenslevare, seier Egeland.

Vann Folkelarm

«Sorpesoll» blei nok det dei ønskte seg, for i 2017 vann det folkemusikkorganisasjonane sin eigen Spellemannpris, Folkelarmprisen, i klassa for «Tradisjonelt samspel».

- Med nedstemte instrument spelar dei to sørgelege toner til å bli glad av. Eit sjeldent lydbilde gjev tradisjonelle låter et nytt liv, med tett samspel mellom hardingfele og bratsj i raffinerte arrangement. Ånon og Mikael er musikarar med klare og sterke personlege uttrykk, som utfyller og forsterkar kvarandre i samspelet. Ånons særegne tone, ornamentikk og intonasjon får ny musikalsk meining i Mikaels minimalistiske arrangementsverd. To musikalske legender møtast og snakkar musikalsk saman som dei gamle venene dei er, skreiv Folkelarm-juryen i grunngjevinga si den gong.