Stressforskar: – Sett grenser i jula

Par som holder kopper foran peisen i julen.  Foto
(Illustrasjonsbilde: iStock/SimonSkafar

Hilde Grønningsæter har gode tommelfingerreglar for deg som ønskjer ei fredelegare jul.

Både adventstida og sjølve jula kan opplevast som stressande; det er mykje som skal på plass og mange forventingar å innfri.

– Slikt kortvarig stress mobiliserer likevel energi og krefter og gjer at vi får gjort ein masse ting vi elles kanskje ikkje er motiverte for, seier Hilde Grønningsæter, som er førsteamanuensis ved Institutt for friluftsliv, idrett og kroppsøving.

To måtar å takle stresset på

Ho seier at stress kan taklast på to måtar: Anten redusere kjelda, eller gjere deg sjølv betre til å tåle det stresset du vert utsett for.

– I de fleste høve snakkar vi om begge delar, men når det gjeld jul, trur eg du må avklare forventningar, planleggje og setje grenser. Du kan ikkje bruke meir ressursar i jula enn du har, for påtrykket er ustoppeleg, seier Grønningsæter.

Kortvarig stress er ikkje farleg

Julestresset representerer det Grønningsæter karakteriserer som det kortvarige stresset, som kan vere vanskeleg nok å handtere, men som altså ikkje varar lenge. Slikt stress kan vere ubehageleg, men er ikkje farleg.

Det langvarige stresset er ei anna og meir alvorleg historie, som vi skal kome tilbake til i ein artikkel med Hilde Grønningsæter på nyåret.

Hilde Grønningsæter - foto

Her er dei beste råda hennar mot stress, med særleg fokus på jula:

  1. Avklar forventningar

Tenk gjennom kva som stressar deg, kva du trur andre forventar av deg og kva du forventar av deg sjølv. Ta ein prat med partnar og barn og bli einige om kva som skal til for at jula skal bli fin.

  1. Tenk positivt

Folk gjer så godt dei kan ut frå de ressursane dei har. Svært få gjer noko av vond vilje.

  1. Lag ein plan og følg han

Sett opp ei liste over alt du meiner bør gjerast før og i jula. Stryk 80%. Forsking viser at bare 20 % av det du trur er viktig, verkeleg er det. Det same gjeld på jobb.

  1. Sei nei

Du treng ikkje vere med på alle festar, julebord, venninne-lunsjar og jobb-arrangement.

  1. Sett av tid til å kose deg litt kvar dag

Adventstida er kort. Julefeiringa kjem på eit tidspunkt da vi verkeleg treng å ha noko positivt å sjå fram til. Tenk positivt. Du treng ikkje ta med deg alle gamle juletradisjonar i tillegg til alle nye. Prioriter det du opplever positivt og som gir deg glede.

  1. Gjer ein liten innsats for helsa

Desember er ikkje nødvendigvis tida for å utøve stram disiplin eller slanking, men følgjer du desse råda så hjelper du kroppen din med å kome heilskinna over i det nye året:

  • Drikk eitt glas rent vann for kvart glas vin (eller kaffi).
  • Gå ein rask tur i frisk luft (med broddar) kvar dag.
  • Et ein neve mandlar i løpet av dagen i staden for anna snacks.
  • Ta ein 15 minutts kvil før kl. 18.00 når du føler for det.

Stress er styrt av i hovudsak tre faktorar:

  1. Forventningar
     Om røyndomen ikkje stemmer med dei forventningane du har, oppstår stress.
     
  2. Oppleving av kontroll
    Når noko uventa skjer, og du opplever at det du hadde innstilt deg på ikkje er mogleg lenger, og du opplever at du mistar kontrollen, oppstår stress.
     
  3. Evna til å gi og ta imot tilbakemeldingar
    Når ting ikkje blir som du forventa, og du ikkje klarer å formidle til dei rundt deg kva som skjer, oppstår stress. Ein viktig eigenskap er derfor evna til å kunne seie frå til andre om at du må gjere om på planar, og likeeins akseptere reaksjonane deira.