Studiestad Notodden i internasjonal dokumentar om digitalisering

INTERNASJONAL DOKUMENTAR: Kalle Fürst fortel om dokumentaren som produserast.
INTERNASJONAL DOKUMENTAR: Kalle Fürst fortel om dokumentaren som produserast.

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) førebur lærarstudentar til eit yrke i digitale omgjevnadar. Det vekker internasjonal interesse.

Ein tysdag i november blei Toril Aagaard, fyrsteamanuensis i pedagogikk ved USN kontakta av Educational Broadcasting System (EBS) frå Sør-Korea. Saman med fjersynsprodusent Kalle Fürst ville dei kome til USN torsdag morgon same veke og lage ein dokumentar om digitalisering og skule.

Opptak om bruk av IKT i skulen er alt gjort i Seoul der elevar frå Singapore, India, Sør-Korea og Noreg deltok i ein to vekers idéverkstad. Nå ville dei til DigTekLab på studiestad Notodden.

- Serien skal bli selt internasjonalt og EBS var interessert i å sjå på utdanninga av lærarar i Noreg på ein så sofistikert måte som mogleg i samspel med elevar. Det er fint at mediebransjen set digitalisering i skulen på ein internasjonal dagorden og lysset ansvaret, og utfordringar og måter å forhalde seg til dette frå fleire perspektiv. Ansvaret er stort, komplekst og treng merksemd. Me ser fram til dokumentaren og håpar den også blir sendt i Norge, seier Aagaard, som er prosjektleiar for Læring og undervisning i digitale omgivelser (LUDO).

Imponert fjersynsprodusent

- For meg som alltid har vore interessert i teknologi, media og kommunikasjon, så er det spanande å sjå kor langt dykk har kome med på dette området. Eg blir reint misunneleg på elevane. Dei veit meir enn eg har lært i løpet av den 50 år lange karriera mi før dei er ferdige med den vidaregåande skulen, seier Fürst. 

Som leiar av LUDO-prosjektet kan Aagaard fortelje at USN i nasjonal og truleg internasjonal samanheng utmerkar seg på feltet.

- USN er offensive nå. Både gjennom utvikling av studieprogram, undervising og forsking jobbar me for å sikre at studentane våre utviklar profesjonsfagleg kompetanse (PfDK). Dei skal vite kva det er å vera ein god klasseleiar i ei tid der mange elevar har ei datamaskin på pulten eller for handa. Dei skal kunne førebygge og agere når etiske utfordringar oppstår på digitale flater. I tillegg skal dei bidra til å innfri samfunnets behov for unge menneske som er gode til å samarbeide, kommunisere, løyse komplekse problem og skape arbeidsplassar, seier Aagaard.

ENGASJERTE: Lærarar frå Re og Marianne Hagelia utforskar diverse utstyr.

Treng endrings- og utviklingskompetanse

Den digitale utviklinga blir spådd å fortsetje. Dermed treng lærarstudentar endrings- og utviklingskompetanse.

- Dei må kunne nyttiggjera seg pedagogiske moglegheiter etterkvart som dei oppstår, men også oppdage og handtere pedagogiske utfordringar som kjem med digitalisering. Forøvrig treng dei å kunne vurdere eit hav av digital informasjon og kunne ta stilling til kva for kjelder og kva for analoge og digitale arbeidsmåter som vil gje elevar størst læringsglede og utvikling av kompetansen dei treng. Lista er lang og lærarutdanningas ansvar er stort, seier Aagaard.

Ved USN skal ulike tiltak gje eit meir konkret grep om korleis PfDK kjem til uttrykk i ein lærars virke. I tillegg til korleis PfDK best blir utvikla i utdanning.

FRAMTIDSRETTA: Elevar, studentar og lærarar samarbeidar om å lage ei oppfinning dei trur vil vera viktig i 2080. Ideane var mange. Valet fall på teleporteringsklokke, kroppschip med helseinformasjon og betalingsfunskjonalitet, og tidsmaskin. Prototyper ble produsert.

Etablerer møtestadar

USN vel å gjera dette ved å etablere møtestadar og samarbeid mellom lærarutdannarar frå praksisfeltet, elevar, lærarutdannarar frå studiestaden og lærarstudentar.

- I samspelet trur me lærarutdannarar frå praksis og studiestad, og lærarstudentane får gode vilkår for å utvikle PfDK, seier Aagaard.

Studentane må delta i å utvikle utdanninga slik at denne blir meir tydeleg og relevant for arbeidslivet dei snart skal ut i. Dei kjenner på kroppen kva for kompetanse dei treng, særleg når dei er i praksis. Lærerutdannarane frå praksisfeltet veit mykje om korleis digital teknologi brukast i klasserom, kva dei oppfattar fungerer bra og kva som ser ut til å skape problem for elevar.

- Det er elevane som har svaret på korleis det opplevast å lære i ei digital tid.

Lærerutdannarar frå studiestaden har forskingsbasert innsikt i kva som kjenneteiknar gode læringsprosessar, kva som typisk motiverer eller demotiverer elevar, kva for fagdidaktiske grep som kan løyse ut meiningsfull læring i fag. Forskingsbasert kunnskap har alltid godt av ein tur under lupa.  Det er slik han held seg aktuell og gyldig. Møteplassane egner til å drøfte samanhenger eller brot mellom forsking og praksis, seier Aagaard.

KONSENTRERTE: Elevar i oppfinnarhjørnet.

Stilte opp på strak arm

Ein av møtestadane som er utvikla ved USN er DigTekLab på studiestad Notodden. Der finst ulike digitale og materielle ressursar som er kjøpt inn fordi USN meiner dei kan vera nyttige i læringssamanheng.

Elin Bøen er prosjektleiar og samarbeidar med mellom anna Marit Loftsgarden, som er lærar og pedagog, og ein studieassistent. Til dagleg tek dei imot lærarutdannarar, studentar, praksislærarar og elevar. Dei tilbyr ikkje ferdige undervisingsopplegg, men kan hjelpe med planlegging og gjennomføring av undervising som skal foregå i rommet.

- Det var desse jeg ringte tysdag kveld. Torsdag morgon var me klare for ei økt av det slaget USN likar og til dagleg jobbar for i DigTekLab. Lærerutdannarar frå praksisfeltet, elevar, lærarstudentar og lærerutdannarar fra studiestaden var samla for å få erfaring med korleis digital teknologi, men også fysisk materiale kan brukast i skapande, utforskande, kreativt og fagleg meiningsfullt læringsarbeid, avsluttar Aagaard.