Tek med Rauland-studentane heim

Sigurd Heide og Sigrid Moldestad. Foto
Sigurd Heide og Sigrid Moldestad tek med Rauland-studentane heim via nettet.

Folkemusikkstudentane i Rauland får oppleve musikk- og dansetradisjonane vi har rundt om i landet, via nettet.

Det er Sigrid Moldestad og Sigurd Heide som tek med Rauland-studentane heim.

Så sjølv om studentane sit åleine på hyblane sine eller på heimplassen sin og får all undervisning via nettet, betyr det ikkje at dei ikkje kjem seg ut på reise og får oppleve musikk- og dansetradisjonane vi har rundt om i landet.

Rundtur gjennom Nord-Noreg

Allereie første veka med nettundervisning fekk studentane ein skikkeleg rundtur gjennom Nord-Noreg, frå Drevja i sør til Vardø i aust. Dansar, koreograf og tradisjonsbærar Sigurd Heide frå dansekompaniet Kartellet er ein av gjestelærarane studentane frå campus Rauland får møte.

Til vanleg kjem han til Rauland og dansar og underviser studentane, men i år måtte reisa bli via nettet:

«Jeg synes det er genialt at en kan ha forelesninger uten å belaste miljøet, og i tillegg spare masse penger på reise og opphold. Så lenge det er kun teori, bør en vurdere å fortsette med dette også etter coronapandemien. Det er bestandig stas å kunne gi et innblikk i tradisjoner i Nord-Norge som er ukjente for de fleste, og som ikke minst gir et godt korrektiv til hvordan en har forholdt seg til estetiske prinsipp i folkekulturen» seier Sigurd.

YouTube og lydfiler

Han tok med studentane på ei reise både i tid og rom, gjennom pomorhandel, kystkultur, samiske og kvænske tradisjonar, udelt takt i polsdansen og tradisjonspåvirkning mellom anna frå hoffa i Europa og opp til militær-festningen i Vardø. Susanne Lundeng, Hekla Stålstrenga, Kartellet og Julie North blei spelt og presentert via YouTube og lydfiler. Det same blei Vardø mandolinorkester, dansen høffsar og Warsava-Mikkel sin bongolaika!

Eivind TK Knudsen, student på 1.året folkemusikk synes det fungerte fint:

«Det var topp å ha forelesning med Sigurd. Dyktig, blid og engasjerande forelesar som gjorde undervisninga interessant og levande, til tross for at det var via data. Eg er sikker på at det blir bra å ha Sigrid óg. Det er alltid interessant å møte nye foreleserar med både teoretisk kunnskap, og som utøvar»

Vestlandet etter påske

Veka etter påske er det Sigrid Moldestad og musikk- og dansetradisjonane frå Vestlandet som står på timeplana for Raulandstudentane. Sigrid Moldestad er kjend for dei fleste gjennom sine tolkingar av både tradisjonell folkemusikk frå vestlandet og sin eigen nykomponerte musikk. Ho har turnert dei fleste festivalar og scener med både store og små prosjekt, og er ein aktiv frilansmusikar.

Vil gje studentane god undervisning uansett

Lærarar ved campus Rauland, Anne Gravir Klykken og Unni Boksasp, er svært fornøgde med å få desse to profilerte utøvarane til Rauland, og er imponerte over både studentar og gjestelærar som finn løysingar og mulegheiter i denne krevjande tida. Tradisjonskunnskap, slåttemusikk og dans er kanskje ikkje disiplinar ein er så vant til å bli undervist i via nettet. Men det viser seg å fungere overraskande bra.

«For oss er det viktig å gje studentane våre god undervisning uansett om det er på nett eller fysisk. Da er det flott å få inn ressursar som Sigrid og Sigurd. I tillegg er det viktig for oss som universitet å ta vare på frilansarane i denne tida. Om dei ikkje kan spele konsertane eller danseførestillingane sine, så kan dei kome og inspirere og undervise studentane våre!»

Kunnskap må gå frå kropp til kropp

Likevel – ikkje alt kan erstattast med nettundervisning, og alle ser fram til å få spele, synge og danse med studentane igjen. Lærarane i Rauland seier seg einige med Sigurd Heide:

«Folkedanseundervisning kan og må aldri erstattes av film, bøker eller øvinger over nett: Tradering og overføring av kunnskap må gå fra kropp til kropp»