Forskarar: – Kystområda i Finnmark er ikkje arktiske

Doktorgradsstipendiat Gauri Bandekar  på Nordkapp. (Foto: Arvid Odland)
FELTARBEID: Forskarane har kartlagt 37 ulike stader frå det nordlege Finnmark, via Bjørnøya til Adventsdalen på Spitsbergen. Her er doktorgradsstipendiat Gauri Bandekar på Nordkapp. (Foto: Arvid Odland) Kopirett: Arvid Odland

I ein fersk forskingsartikkel blir teorien om arktisk vegetasjon i Finnmark avvist.

Temaet har vore diskutert i meir enn 50 år av norske og internasjonale forskarar. Ei internasjonal ekspertgruppe frå fleire land definerte i 2005 fem delområde (A-E) av Arktis, frå nord til sør. Dei nordlegaste områda på Finnmarkskysten vart inkluderte i sone E.   (Walker DA et al. 2005. The circumpolar arctic vegetation map. - Journal of vegetation science 16: 267–282.) 

Tradisjonelt har grunngjevinga vore at desse områda skal liggje nord for bjørkeskoggrensa, og at dei skal ha ein middeltemperatur i juli på under 10 °C.

Feilaktig bruk av skoggrensaKartet viser kva kystområde i Finnmark som vart klassifiserte som ein del av Arktisk sone E av ei internasjonal ekspertgruppe.

Grensa mellom den boreale skogsona (som dekkjer områda lenger sør) og den arktiske sona er godt kartlagd i Nord-Amerika og Sibir. I begge desse områda ligg skoggrensa fleire hundre kilometer lenger nord enn i Finnmark. Sidan skoggrensa har vore viktig for å definere Arktis, har delar av Finnmarkskysten blitt inkludert, sjølv om han ligg mykje lenger sør enn tilsvarande område i Nord-Amerika og Sibir.

Professor emeritus Arvid Odland seier det er ein grunn til at det ikkje veks skog lengst nord i Noreg, og det har å gjere med nærleiken til havet.

– Det er mest på grunn av mangel på gode veksestadar, sterk vind og sjøsprøyt. Vi har kartlagt lufttemperaturar, jordtemperaturar, jordsmonnet, flora og vegetasjon. Alt dette skil seg frå det som karakteriserer Arktis i Sibir og Nord-Amerika. I store delar av Finnmark er også middeltemperaturen i juli høgare enn 10 °C. Ein kan difor heller ikkje bruke lufttemperaturen som argument, seier Odland.

Data frå doktorgradsarbeid

Han er vegetasjonsøkolog og har jobba over heile landet med å finne ut kvifor vegetasjonen ser ut som han gjer.

Odland var rettleiar på doktorgraden til Gauri Bandekar ved USN. Her blir den rådande teorien om at kystområda lengst nord i Finnmark er arktiske avvist, sjølv om dei ligg nord for bjørkeskogsgrensa.

– Kystområda nord i Finnmark har tvert om stor økologisk likskap med område lengre sør, seier professor emeritus Arvid Odland.

Professor emeritus Arvid Odland og doktorgradsstipendiat Gauri Bandekar tar prøvar av vegetasjon og jordsmonn i Adventsdalen på Spitsbergen.  (Foto: Live Semb Vestgarden

To somrar med feltarbeid

Saman med Gauri Bandekar reiste han to somrar på kryss og tvers i Finnmark og på Spitsbergen for å drive feltarbeid. Dei hadde dataloggarar (små måleinstrument) nedgravne i eitt år for å måle temperaturvariasjonane i jorda, og fekk hjelp av tilsette på Bjørnøya Meteorologiske Stasjon til å gjere målingar der også.

– Vi har studert tilhøva både nord og sør for tregrensa i Finnmark, og fann markante likskapar mellom desse områda. Det var faktisk ingen økologiske forskjellar av stort omfang mellom desse heiområda. Samstundes var tilhøva her veldig ulike frå det vi fann på Bjørnøya og i Adventsdalen på Spitsbergen. Dei skilde seg også markant frå skildringar vi har frå Nord-Amerika og Sibir, seier Arvid Odland.

Strekt grensa sør til polarsirkelen

No håpar han funna vil bidra til å klårgjere kva som ligg i omgrepet «Arktis». Ulike fag har brukt ulike definisjonar på «Arktis», og somme har strekt grensa sør til polarsirkelen. Han meiner at ei slik avgrensing blir meiningslaus for biologiske fag, og at omgrepet må vere basert på grundige, fleirfaglege undersøkingar.

Doktorgradsstipendiat Gauri Bandekar tar jordprøvar på Nordkapp. (Foto: Arvid Odland)

Gauri Bandekar disputerte for doktorgraden med resultata sine i juni 2018. Ho er førsteforfattar på artikkelen som nyleg er publisert, og som er ope tilgjengeleg (open access).

– Ut frå undersøkingar av luft- og jordtemperatur, jordsmonn og fråvær av permafrost i Finnmark blir konklusjonen at områda både nord og sør for tregrensa i Finnmark må klassifiserast som boreale og ikkje arktiske, seier Bandekar.

Referanse:

«Bioclimatic gradients and soil property trends from northernmost mainland Norway to the Svalbard archipelago. Does the arctic biome extend into mainland Norway?» 

Gauri Bandekar, Live Semb Vestgarden, Andrew Jenkins, Arvid Odland, Institutt for natur, helse og miljø, Universitetet i Søraust-Noreg.

Publisert i PLOS One. Eit fagfellevurdert vitskapleg tidsskrift på nivå 1 med ope tilgang, utgjeve av Public Library of Science sidan 2006.