Får 3,6 millionar til gåveprofessorat

Torsdag slapp Kristian Bogen, Per Halvorsen og Erik Aarnes den gode nyheiten om gåva frå sparebankstiftingane.
Torsdag slapp Kristian Bogen, Per Halvorsen og Erik Aarnes den gode nyheiten om gåva frå sparebankstiftingane.

Studiestad Bø får det fyrste gåveprofessoratet gjeve av private gjevarar i Telemark. Dette fører til gode relasjonar mellom universitetet og arbeidslivet.

Sparebankstiftingane Holla, Lunde og Grenland og Sparebanken 1 Telemark har gjeve eit gåveprofessorat innanfor innovasjon og entrepnørskap til USN. Midlane vil bli gjeve over tre år, og er på til saman 3,6 millioner. Summen går til innovasjon og entreprenørskap ved fakultetet Handelshøyskolen (HH) og betyr ein professor til på laget i tre år. Det er alt fleire gåveprofessorat i Vestfold og Buskerud gjeve av sparebankstiftingar og andre.

- Det fyrste privatfinansierte professoratet i Telemark er ein viktig milepæl for USN og fylket. Ei investering i kunnskapssamfunnet og kunnskapsallmenningen i Telemark, seier prorektor ved USN Kristian Bogen.

Les meir om studiemoglegheitene innan innovasjon og entreprenørskap her.

Vil styrke fagmiljøet

- For å realisere ein konkurransedyktig og attraktiv handelshøgskule i nært samspel med regionalt nærings- og arbeidsliv er det naudsynt å styrke fagmiljøet ytterlegare ved studiestad Bø. Dagens studietilbod må utviklast vidare slik at me betrar kvaliteten og blir enda meir attraktive for framtidas studentar og fagatilsette, skriv USN Handelshøyskolen i søknaden til sparebankstiftingane.

USN Handelshøyskolen meiner ein anerkjent utdanningsinstitusjon med faglege ambisjonar og tett kopling til regionen vil gjere Bø meir attraktiv for studentar og samtidig motivere dyktige fagfolk til å satse på ei framtid der. Investeringar i og vidareutvikling av studiestaden, som ein del av det nye Universitetet i Sørøst-Norge, er såleis ei framtidsretta og samfunnsnyttig satsing.

Midt i hjartet

- Det er spesielt gøy at gåveprofessoratet knyttast til studiestad Bø sidan me har utdanningsløp i entreprenørskap der. Bø og Midt-Telemark har gode tradisjonar i entreprenørskap og innovasjon. Bø er ein framtidsretta kommune, seier Bogen.

Per Halvorsen i Sparebank1 Telemark fortel at det er fyrste gong dei er med på å stø opp om ein instutisjon som USN.

- Dette er midt i hjartet når det kjem til stimulering av regionen vår. Gåveprofessoratet er viktig for Bø, regionen og banken, seier Halvorsen.

Signaleffekten kan bli stor

Bogen meiner gåveprofessoratet gjev ei kopling mellom samfunnet og USN.

- USN-regionen er stor, så slike relasjonar er gode å ha. Me driv med arbeidsrelatert forsking.

Halvorsen trur signaleffekten av eit slikt tiltak blir stor.

- Det har vore ein modningsprosses å integrere det akademiske i næringslivet. Dette er ei investering som hever fagmiljøet og gjer studiet meir attraktivt å søke på, seier Bogen.

Professoriatet vil passe inn mot fleire studieoråde, til dømes reiseliv.

 

  

USN Handelshøyskolen

  • Er eitt av fire fakultet ved HSN. HHs visjon er å bli internasjonalt akkreditert, vera regionalt forankra og vera ein entreprenøriell handelshøgskule som tilbyr forskningsbasert utdanning av kandidatar som bidreg til verdiskaping, velferdstenester, omstilling og berekaraftig samfunnsutvikling.

 

  • Er tverrfagleg og tilbyr eit breitt spekter av basisutdanningar innan økonomi, marknadsføring, administrasjons- og leiingsfag, reiseliv, informasjonssystem, visuell kommunikasjon, jus, eigedomsmekling, entreprenørskap, statsvitenskap, sosiologi, historie og geografiske informasjonssystem (GIS). I tillegg til basisutdanningane tilbyr HH etter- og vidareutdanning, samt forskings-, utviklings- og innovasjonsprosjekt.

 

  • Lokalisert ved studiestadane Drammen, Kongsberg, Ringerike, Vestfold og Bø. Hausten 2017 var det registrert rundt 5 000 studentar ved HH, rundt 1400 av desse er knytta studier som blir tilbydd i Bø.