Fri ytring om sentrale samfunnsspørsmål

Kai Peter Østberg meiner fusjonen ved vår eigen institusjon har auka dei fagleg relevante kompetansekrava til leiarane.
Kai Peter Østberg meiner fusjonen ved vår eigen institusjon har auka dei fagleg relevante kompetansekrava til leiarane.

Blir det mindre fagleg tyngde i leiinga, når «leiing» blir opphøgd til eit eige fag?


Tysdag 8. mai blei seminaret «Styringen av profesjonene. Et nytt enevelde eller et mer handlekraftig demokrati?» arrangert på Litteraturhuset i Oslo. Det blei sett søkjelys på problemstillingar på tvers av ulike sektorar i historisk perspektiv og på internasjonalt nivå.

- Me tok for oss fire sektorar her til lands; forsvaret, universitet og høgskular, skulen og helsevesenet. Deltakarane bidrog med sine erfaringar frå ulike sektorar, seier Kai Peter Østberg, som er fyrsteamanuensis ved Institutt for økonomi, historie og samfunnsvitenskap ved USN.

Les meir om seminaret her:

https://forskning.no/2018/05/viktig-laerere-og-andre-profesjoner-skal-kunne-ytre-seg-fritt/produsert-og-finansiert-av/oslomet

Symbol på ytringsfridomen

Simon Malkenes, lektor ved Ulsrud videregåande skule i Oslo snakka i Dagsnytt Atten om utfordringar han opplever i sin jobb. Han kom i intervjuet med konkrete døme på disiplinproblem han opplever i ein typisk skuletime. I ettertid sette arbeidsgjevar i gang ei såkalt forundersøking, melder forskning.no. Malkenes er blitt eit symbol på ytringsfridomen til lærarar. Han var til stades ved seminaret, men deltok ikkje i debatten. Torgeir Bruun Wyller, som er professor ved geriatrisk avdeling ved UiO og styreleiar i Helstjenesteaksjonen uttalte seg om eigen sektor og viste til korleis dei lange komandolinene gjer at synspunkta til dei som har nærkontakt med pasientane har vanskeleg for å nå fram til belutningstakarane. Desse har dessuten ikkje alltid fagleg bakgrunn frå feltet dei skal leie, men har generell leiarkompetanse.  

- Dette gjenspeglar seg i andre sektorarar også. Når «leiing» blir opphøgd til eit eige fag, da blir det mindre fagleg tyngde i leiinga. Det har vore eit aukande problem i styringa av kunnskapstunge statsinstitusjonar. Bortsett frå i forsvaret. Ingen økonom blir tilsett for å styre hæren, seier Østberg.

Auka faglege kompetansekrav

Fyrsteamanuensisen fortel at universitet og høgskular lenge har vore på veg bort frå prinsippet om at leiarane blei valt blant dei fagleg tilsette, av dei tilsette. Ved vår eigen institusjon har ein etter fusjonen heldigvis auka dei fagleg relevante kompetansekrava til leiarane. Men prinsippet om tilsette leiarar gjeld framleis, og det inneber gjerne at leiarane primært har sin lojalitet oppover i systemet, ikkje nedover.

- Simon Malkenes har vist korleis konsulentar blir hyra inn for å rydde opp i problema skapt av fritt skuleval. Dei kjem med powerpointar for å syne lærarane korleis dei skal gjere jobben sin. Samstundes blir lærarane i praksis underlege eit strengt ytringsregime om dei problema som faktisk finst, fordi skuleleeinga må ta omsyn til skulen sitt omdøme. På grunn av konkurransesituasjonen må røynda bli sminka og frisera, seier Østberg.

Han meiner det blir vanskeleg for rektorane å spele med opne kort, på grunn av marknadslogikken.

- Som universitet bør me tenke på at det som i røynda gjev oss eit godt omdøme, er at folk får tiltru til at våre tilsette kan ytre seg fritt om sentrale samfunnsspørsmål, inkludert dei som gjeld eigen institusjon og profesjon, seier Østberg.

Forskargruppa Politisk kultur stod bak seminaret.

Les meir om Politisk kultur her: 

https://www.usn.no/forskning/hva-forsker-vi-pa/humanistiske-fag/politisk-kultur/