Møt studentane som blei gründerar

F.v: Førsteamanuensis Thomas Brekke og studentgründerane Nicolay Ingebretsen, Martin Kolbrek, Jim Hansen og Pernille Engebretsen. Foto
FEKK VERTØYA PÅ USN: F.v: Førsteamanuensis Thomas Brekke og studentgründerane Nicolay Ingebretsen, Martin Kolbrek, Jim Hansen og Pernille Engebretsen.

– Me fekk verktøya me trong i studietida, og bruka dei da det dukka opp problem, seier Pernille, Jim, Nicolay og Martin.

Felles for dei fire unge gründerane er at ikkje alt blei som dei hadde tenkt. Derfor måtte dei snu om på planane. Det kunne fort blitt skummelt. Heldigvis var det nettopp slike situasjonar de hadde trena på under studia.

Vanleg å møte motstand

– Det er veldig sjeldan du møter ein gründer som klarer å realisere idéen på første forsøk. Dei fleste møter betydeleg motstand, seier førsteamanuensis Thomas Brekke.

Han underviser i entreprenørskapsleiing og er ansvarleg for studentbedrift ved USN Handelshøgskolen på campus Vestfold. Brekke har nyleg tatt doktorgraden på kva det inneber å vere eit såkalla «entreprenørielt universitet», som USN skal vere.

USN kan gje studentane verktøy

– Noko av det viktigaste me kan gjere for studentane, er å skolere dei i å stå i uvisse, kunne snu seg raskt, vere kreative, tenkje utanfor boksen og å improvisere. Dette er kunnskap som er gull verd, anten du skal skape din eigen bedrift eller søkje jobb. Me kan gje dei ulike reiskapar og lære dei å bruke dei. Nett som handverkarar har sine verktøykasser, har me det også innanfor innovasjon og entreprenørskap. Du må vite kva verktøy du treng i forskjellige situasjonar, seier Brekke.

Så da Pernille, Jim, Nicolay og Martin møtte problem, fann dei fram verktøykassa dei hadde fått frå Thomas og dei andre faglærarane.

Bedrifta måtte overleve

– I løpet av dei to og eit halvt åra me har drive bedrifta vår Finova AS, har me skifta kjerneverksemd nokre gonger. Me har vore nøydde til å vere kreative, og finne ut kva ressursar og kompetanse me eigentleg sat på.

– For å overleve måtte me finne nokre forretningsområde som me kunne tene pengar på. Derfor har me mellom anna drive med forretningsutvikling i andre gründerverksemder, innhaldsproduksjon i sosiale media, filmproduksjon og oppretting av nettsider, fortel Martin Kolbrek.

BEDRIFTA MÅTTE OVERLEVE: F.v Nicolay Ingebretsen og Martin Kolbrek i Finova AS og førsteamanuensis Thomas Brekke. Foto

Skaffa 14 millionar på ein time

Nå har han og Nicolay Ingebretsen funne nisjen sin. Dei gjev råd til bedrifter som treng finansiering gjennom såkalla «crowdfunding».

Der kan alle som har tru på eit prosjekt skyte inn pengar, etter å ha blitt presenterte for idéen på ein nettportal.

Nyleg hjelpte dei byggefirmaet Villapartner GB AS med pengar til eit nytt prosjekt i Holmestrand. Finova AS kopla byggefirmaet opp mot tenesta FundingPartner. I løpet av ein time skaffa 384 investorar 14 millionar kroner til prosjektet.

Gav ikkje opp

Martin og Nicolay hadde eigentleg som forretningsidé å drive ei slik crowdfunding-teneste sjølve, men blei hindra av eit uklart lovverk.

Etter å ha improvisert seg gjennom nokre krevjande år, har de funne rolla sin som ein finansiell rådgjevar og formidlar. Dette har dei oppnådd fordi dei ikkje gav opp undervegs, og hadde med seg dei nødvendige verktøya frå utdanningsløpet ved USN.

Mange kaffikoppar

Pernille Engebretsen møtte også på problem da ho skulle utvikle ein ny type rulleski. Plutseleg fekk ho melding om at produsenten som laga rulleskia ikkje ville samarbeide vidare.

– Dermed hadde eg bare problem og ikkje noko konsept. Da blei det mange kaffikoppar på kontoret til Thomas. Me gjekk gjennom kva slags verktøy eg hadde, og så måtte eg jobbe systematisk. Gjennom den prosessen fann eg ut korleis

eg kan vere annleis enn dei andre, fortel Pernille.

FANN RETNINGA: Pernile Engebretsen og Jim Hansen møtte og motstand. Her saman med førsteamanuensis Thomas Brekke. FOTO
Satsar på nærleik og lågare pris

Nå har ho utvikla ei kortreist rulleski, som vert laga i Tønsberg, og som likevel skal vere billigare enn dei som alt finst på marknaden.

– Mykje av konseptet mitt handlar om nærleik. Nærleik til produksjonen og nærleik til kunden, seier Pernille som nå driv sin eigen bedrift, 2improve AS. Ho utviklar nye typar rulleski ved sida av ein deltidsjobb som koordinator for næringsklynga SAMS autonomous Mobility  i Vestfold.

Fann retninga gjennom studentbedrift

Jim Hansens forretningsidé kan revolusjonere betongbransjen. Firmaet hans Betongsentrum AS har utvikla ei digital bestillingsplattform for betong, og den vert alt tilboden til privatpersonar.

– Eg har drive med innovasjon frå eg var ein liten gut, men det var først da eg kom til USN at eg skjønte kva eg eigentleg dreiv med, seier Jim med eit smil.

Idéen med betong fekk han medan han jobba i bransjen. Det har vore mange motbakkar på vegen, men gjennom faget studentbedrift fann han retninga si.

Meir robust etter studia

– Eg var usikker på kor idéen ville bringe meg hen. Nå har eg to klare retningar i staden for ein diffus idé. Tida på USN har også gjort meg meir robust. Eg kan setje ord på det eg driv med, har lært teknikkar eg kan bruke, og har blitt kjend med masse teori. Alt dette hjelper meg når eg står fast, seier Jim. Nå er han på jakt etter investorar, og skal jobbe seg meir inn mot bedriftsmarknaden.

KLARE FOR Å DRIVA FORRETNING: F.v: Førsteamanuensis Thomas Brekke og studentgründerane Nicolay Ingebretsen, Martin Kolbrek, Jim Hansen og Pernille Engebretsen.  FOTO
Gjennom nålauga

Både Pernille og Jim blei plukka ut til årets Angel challenge-program. Av 140 utvalde startups som blei inviterte, gjekk 14 vidare, og mellom dei var bedriftene til Pernille og Jim.

Angel Challenge er eit workshopbasert program der målet er å utdanne nye førstegongsgründerar i prosessen for å hente inn ei investering.

Studentane som blei gründerar

Martin Kolbrek og Nicolay Ingebretsen har starta firmaet Finova AS. De har ein bachelor i økonomi og leiing, med fordjuping i innovasjon og entreprenørskap. Martin og Nicolay føreles nå for andre USN-studentar, og har tatt imot fleire studentar på internship i firmaet sitt.

Pernille Engebretsen har starta firmaet 2improve AS. Ho har også ein bachelor i økonomi og leiing, med fordjuping i innovasjon og entreprenørskap.

Jim Hansen har starta firmaet Betongsentrum AS. Han har ein bachelor i IT og informasjonssystem, og gått to år på dataingeniørutdanninga ved USN.

Alle dei fire studentane har hatt studentbedrift som ein del av studiet på USN.

Dei hadde kontorplass hjå USN Studentinkubator hjå Silicia i perioden som studentbedrift, og har hatt høve til å leige kontorplass hos Silicia etter avslutta studium.

Silicia tilbyr ein fysisk stad å vere i Forskingsparken på campus Vestfold og er ein viktig samarbeidspartnar med USN Studentinkubator.

Der er det omlag 20 arbeidsplassar som studentar kan nytte, gjennom eit samarbeid med USN.

Eit «entreprenørielt universitet»

Dette er ein viktig del av USNs strategi, og er også tydeleg formulert i universitetet sin visjon.

Thomas Brekke har nettopp tatt doktorgrad på korleis eit entreprenørielt universitet kan fungere i ein region.

Han seier:

– Det største bidraget frå USN er å utdanne kompetente og endringsvillige studentar, som kan vere med på å flytte næringslivet og offentleg sektor framover. Ambisjonen vår bør ikkje vere å skulle starte ein masse nye bedrifter kvart år. Det har ikkje universitet kapasitet til, og det syner også internasjonale studiar. Me bør heller utvikle nye studietilbod baserte på forskingsdriven undervisning, som speglar det kunnskapsbehovet næringslivet og studentane har. 

– Det er eit kontinuerleg arbeid. For å lukkast må me utvikle betre pedagogiske verktøy, som stimulerer studentar og tilsette til å ta idéar vidare. Faget studentbedrift er ein slik pedagogisk reiskap. Gründerane i denne reportasjen er gode døme på at studentar tør å utfordre seg sjølve etter å ha gått på USN. Dei er både i stand til å starte noko heilt nytt – og til å gå inn og endre noko som eksisterer.