Personvernombodet

Personvernombodet har teieplikt og er fagleg uavhengig frå USN i spørsmål som har med personvern å gjere.

Personvernombodet ved USN skal:

  • Bistå alle studentar, tilsette og andre med informasjon, råd og opplæring om personvern
  • Kontrollere at personvernreglane blir overhaldt
  • Utvikle kompetanse på personvern og USN si behandling av personopplysingar
  • Rapportere direkte til øvste leiing ved USN
  • Vere kontaktpunkt og samarbeide med Datatilsynet

Personvernombodet har teieplikt og er fagleg uavhengig frå USN i spørsmål som har med personvern å gjere.

Universitetet kjøper òg personverntenester for forsking og studentprosjekt frå NSD.

Kontakt personvernombodet

Paal Are Solberg er personvernombod ved USN. Du kan kontakte han om du har eit spørsmål eller problem knytt til ditt personvern ved USN. Du kan òg bruke e-postadressen personvernombud@usn.no.