Kommunikasjonsavdeling og presserom

Kommunikasjonsavdelinga jobbar med kommunikasjons- og marknadsrelaterte prosjekt, og vi har eit aktivt og ope forhold til pressen.


Tilsette i kommunikasjonsavdelinga legg til rette for at Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har ein truverdig og målretta kommunikasjon både internt og eksternt.

Øvste leiar for kommunikasjonsavdelinga er Kommunikasjons- og markedsdirektør Reidun Mangrud.

Avdelinga har mellom anna ansvaret for omdømebygging, forskingsformidling, nyheitsformidling, studentrekruttering, sosiale medium, web, videoproduksjon, mediahandtering og intern kommunikasjon.

Kommunikasjonsavdelinga vår er delt i to seksjonar med kvar sin seksjonssjef.

Seksjonssjef Ingvild Gjone Sildnes

  • Seksjon for profilering og studentrekruttering

Seksjonssjef Tania Marcelle Olsen 

For pressa

USN ønsker å halde eit høgt servicenivå ovanfor pressa. Journalistar kan ta kontakt med tilsette i Seksjon for media og formidling som hjelper med å opprette kontakt med fagfolka og fagmiljøa våre.

Våre pressekontakter:

Du kan også få hjelp ved å sende ein epost til kommunikasjon@usn.no

Ekspertliste:

Vi har mange tilsette med solid fagbakgrunn som kan svare på spørsmål og gje kommentarar innan ulike forskingsområde.

Pressebilde

Kommunikasjonsavdelinga disponerer ei rekke bilde til fri redaksjonell bruk, både studiestadbilde, portrett og situasjonsbilde. Kommersiell bruk er berre tillate etter særleg avtale.

Her finn du USN-bilde 

Toppleiinga

Her finn du oversikt og kontaktinformasjon til toppleiinga ved USN

Eller les meir om dei fire fakulteta våre:

USN i sosiale medium

USN er aktiv i ei rekke sosiale medium som Facebook, Twitter, Instagram, Snapchat, LinkedIn og YouTube. 

Her finn du lenker og kan lesa meir om USN i sosiale medium 

Visuell profil

USN ønsker å framstå med en heilskapleg og sterk identitet som er lett å kjenne att. Alle studiane og aktivitetane våre er visuelt knytta saman gjennom den overordna profilen som signaliserer felles opphav.

Her finn du logo, design og grafiske element