USN Fleksibel

38

Høgare utdanning skal bli tilgjengeleg for fleire. Uansett kvar du bur, og same kva arbeids- og livssituasjon du har, skal det vere mogleg for deg å ta høgare utdanning, etterutdanning og kurs. USN bidrar til at det blir mogleg.

Gjennom USN fleksibel vil vi forsterke og koordinere innsatsen vår for livslang læring. USN vil tilby utdanningar som gir kunnskap som er etterspurd i arbeidslivet, og vil ta i bruk ny teknologi og pedagogikk for å utforme utdanningar som er tilpassa studentene sine ønske og behov. Utdanning skal tilbydast uavhengig av tid og stad. Progresjon, vurderingsform og innhald skal videreutviklast. Prosjektet skal også setje i gang forsking slik at ny viten blir til.

Vi tilbyr i dag både nettbaserte, samlingsbaserte og desentraliserte studium saman med deltidsutdanning, og kombinasjonar av desse. At vi har åtte campusar, gjer det lettare for oss å utvikle fleksible utdanningstilbod. Vi kjenner arbeidslivet i regionen, og vi  samarbeider tett med bedrifter og offentleg sektor for å skape gode utdanningstilbud.


Interessert i ei fleksibel utdanning?

Sjekk tilbodet vårt