USN Digital

USN digital. Illustrasjon.

USN skal utvikle integrerande digitale arbeids- og læringsformer som knyter tilsette og studentar på dei åtte campusane saman til éin virtuell campus, og som knyter verksemda til samarbeidspartnarar og omverda.


Målområde 1: USN Digital

USN skal utvikle integrerande digitale arbeids- og læringsformer som knyter tilsette og studentar på dei åtte campusane saman til éin virtuell campus, USN e-campus, og som knyter verksemda til samarbeidspartnarar og omverda.

USNs organisasjon er spreidd over tre fylke, med verksemd på åtte studiestader og med utstrekt samarbeid både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Dette krev gode digitale arbeids- og læringsformer som er integrerte i eigen organisasjon, men også tett samarbeid med arbeidslivet i vår region og med dei internasjonale samarbeidspartnarane våre. Den digitale utviklinga går svært raskt, og det gjev både moglegheiter og utfordringar. USN vil liggje langt framme i denne utviklinga og utnytte det potensialet ho gjev.

USN Digital skal medverke til strategisk fokus og heilskapleg perspektiv på digitaliseringa.

Målområdet er delt inn i ti underliggjande område der det er presisert mål og tiltak

  • Teknologistøtta læring som medverkar til at USN imøtekjem samfunnets kompetansebehov.
     
  • Pedagogisk bruk av IKT og utforsking av korleis digitale verktøy kan nyttast i undervisning, læring og vurdering for å utvikle nye, relevante og innovative undervisningsformer.
     
  • Nettbasert etter- og vidareutdanning.
     
  • Digitalisert kommunikasjon og samhandling innanfor den distribuerte organisasjons- og leiingsmodellen.
     
  • Digitaliserte arbeidsprosessar innanfor distribuerte administrative tenester.
     
  • Digitalisert leiarinformasjon, verksemdstyring og kvalitetssikring.
     
  • Digitale møteplassar for å byggje USN-kultur.
     
  • Nyskapande digitale ressursar og reiskapar som styrkjer profesjons- og arbeidslivsorientering.
     
  • Bruk av digitale kommunikasjonsverktøy for å styrkje samarbeidet med nasjonale og internasjonale UH-institusjonar.
     
  • Digitale verktøy som styrkjer kommunikasjon og samarbeid med arbeidslivet.

Vurdering av måloppnåing

  • Kvalitativ vurdering av gjennomføring av tiltak i prosjektplanen.
     
  • Tal på nye implementerte digitale løysingar.
     
  • Del eksamenar som vert gjennomførde digitalt av totalt tal på eksamenar.
     
  • Tal på undervisningsrom som er lagde til rette for høvesvis opptak og for livestreaming, og tal på rom som følgjer Uninett sine minimumsstandardar for AV-utstyr for undervisning og møterom.
     
  • Tal på visningar på medieplattform.
     
  • Tal på nett- og samlingsbaserte studieprogram.

Kontakt oss

USN Digital